Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Tenester > Aktiv fritidsordning
Tenester

Aktiv fritidsordning hos Møre Folkehøgskule (AFO)



Då nærmar det seg veke 26, og første veka med aktiv fritidsordning. Så langt er det 17 påmeldte barn, noko vi synes er heilt supert.

Første dag er mandag 26.06 og siste dag er fredag 30.06

Sånn tenker vi oss vekene 26, 32 og 33:

Opningstid  frå kl 07.30 – 15.30

Ungane smører «frukostniste» som dei kan sitte i fred og ro å spise hos oss. Litt inneaktivitetar til alle er kommet.

Kl. 10.00 vil vi at alle skal være på plass.

Frå no av er vær og vind med på å bestemme, men vi ser for oss at vi blir mykje ute fram til kl 14.00

Ungane får være med på å lage sin eigen lunsjpakke før vi eventuelt dreg på tur. Det kan ôg tenkast at lunsjen blir laga til på bål.

Rundt  kl 14.00 får ungane eit «lett» måltid som t.d. frukt, yoghurt, drikke.

Fram til kl 15.30 blir vi rundt skuleområdet inne og ute.

Kl 15.30. Slutt for dagen

Tilbodet gjeld for 1.klasse til 5.klasse med varierte aktiviteter. Pris inkludert mat kr 300,- pr dag eller kr 1.200,- pr uke. Påmelding og spørsmål rettes til Birte Einan på tlf 909 53 382 eller e-post birte.einan@more.fhs.no.

Frist for å søke om plass er fredag 2. juni 2017.