Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Studieturane > Studieturane
Studieturane

Turar til alle kantar av verda med Møre Folkehøgskule



Fjelltur i Andesfjella, dykking i middelhavet, besøk på landsbygda i Kina, på safari i Mosamik eller besøk på animasjonsstudio i Japan, - dette er litt av det du kan få oppleve når du er på studietur med Møre Folkehøgskule.

Vi flytter undervisninga til eit anna land og har som mål at turane skal bidra til at alle får oppleve møte med andre menneske og andre kulturar, og at ein såleis lærer noko både om seg sjølv og den verda ein er ein del av.

Kina – Midtens rike reiser seks veker til Kina og Japan under perioden i slutten av februar og begynnelsen av april. Linjen reiser først til mange og svært ulike stader i Kina i fem uker og bruker en uke i Japan for å besøke Kyoto, Tokyo og Nara. Ein får smake på levemåten i den pulserande høgteknologiske storbyen, dei historiske sentra og ikkje minst ute på landsbygda. Kina har òg mange flotte naturopplevingar å by på. En uke i Japan gir oss tid til å lære mer om Japan og den japanske kulturen.

Animasjon Japan skal i mars 2014 for første gong til Japan. I løpet av ca. to veker står m.a. Tokyo og Hiroshima på planen. Besøk på animasjonsskule er inspirerande, japansk mat og kultur er annleis og spennande. Vår japanske kontaktperson, Noriko, kjem til skulen og underviser litt om Japan, kultur og språk i løpet av skuleåret. Animasjon Japan skal også på aminasjonsfestival i Fredrikstad i november. Dokumentarfilmfestival og Animation Volda står også på timeplanen.

Adventura Ekstremsport drar på tur til Tyrkia i haustsemesteret. Aktivitetar er i fokus; terrengsykkel, dykking, juvvandring, vindsurfing og paragliding, kombinert med kulturopplevingar i Cappadocia og Istanbul, skaper ein tur full av opplevingar og nye erfaringar.

Adventura Sør-Amerika reiser i januar til Peru. Andesfjella var senter for Inkaindianarane, og vi skal lære og oppleve noko av denne kulturen. Det er gode muligheiter for fjellturar og i regnskogen møter vi eit eksotisk dyre- og planteliv.