Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Søknad > Søknad om skuleplass
Søknad

Søknad om skuleplass ved Møre Folkehøgskule



Gå direkte til skulen sitt søknadsskjema på www.folkehogskole.no (sida åpner i nytt vindu).

Ved søknad fyller du ut alle felt med korrekt informasjon.  Er du i tvil om punkt i søknaden kan du ringe skulen på telefon 70 04 19 99 og be om hjelp. Har du behov for plass til fleire opplysningar skriv du dette i feltet "Spesielle merknader". Du treng ikkje å sende ekstra vedlegg (dokumentasjon) til skulen med mindre du blir beden om dette.

I søknaden din skriv du eit personleg brev der du fortel om kvifor du søkjer om opptak ved Møre Folkehøgskule, om kva framtidsplanar du har og kva du særleg interesserer deg for. Når du har fyllt ut dette skjemaet og sendt det til skulen, eller skrive under søknaden i papirutgåva og stadfesta at du tek i mot plassen, er dette å forstå som ei kontrakt mellom deg og skulen om undervisning, økonomi og oppførsel.

Det er ingen fast søknadsfrist. Vi startar opptak av elevar 1. februar.  Alle som har søkt før den datoen vil få svarbrev sendt frå skulen 1. februar. Etter den tid behandler vi søknadane etter kvart som dei kjem til skulen. Søkjar vil få svar innan eit par dager. 

Søkjaren vil få ein svarfrist på 8-14 dagar. Dersom du vil vere sikker på at du får plass på den linja du søkjer, bør du søkje snarast.

Praktisk info om skulen (inkl prisar) finn du på denne sida.

Gå til skulen sitt søknadsskjema på www.folkehogskole.no (åpner i nytt vindu)

Angrefrist. Når du får tilbod om plass får du samtidig informasjon om at du har angrefrist på to veker, slik det er beskrive i Angrerettlova. Du får òg oversikt over korleis betaling er strukturert gjennom skuleåret. Du er sikra plass når du har betalt innmeldingspengar. Etter at du har betalt får du ei skriftleg stadfesting på dette og utfyllande informasjon om angrefrist, saman med eit angrefristskjema.

Informasjon om prisar på skuleåret finn du under praktisk info. Dersom du sluttar på skulen i løpet av skuleåret, må du betale for seks veker etter at du har forlate skulen.