Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Siste nytt > Nyhetsarkiv > Velkomen til skulestart ved Møre Fhs laurdag 25. august 2018!
Siste nytt

Velkomen til skulestart ved Møre Fhs laurdag 25. august 2018!


Av: Per Lund  [Sist endret: 23.08.2018 12:35:09]

På Møre folkehøgskule ser vi fram til å ta imot 100 nye elevar og 7 andreårselevar laurdag 25. august. Vi ynskjer både elevar og foreldre/føresette velkomen til offisiell opning av det nye skuleåret laurdag 25. august kl. 17.00. Dei fleste kjem til skulen i løpet av laurdag, men det er mulig å kome og flytte inn på fredag dersom det høver best med reiseveg etc. Ta gjerne kontakt med skulen og gi melding dersom du kjem på fredag.


På laurdag blir det servert lunsj for både elevar og foreldre mellom kl. 13.00 – 14.30. Det blir høgtideleg opning med presentasjonar av klassene og dei tilsette på skulen kl. 17.00. Både elevar og foreldre/føresette er velkomne til å ta del i den påfølgande middagen kl. 19.00.


Velkomen til nytt skuleår!

Helsing frå rektor Einar Opsvik