Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Siste nytt > Nyhetsarkiv > Ledig stilling som lærar for friluftsliv og ekstremsport
Siste nytt

Ledig stilling som lærar for friluftsliv og ekstremsport


Av: Per Lund  [Sist endret: 21.03.2018 16:34:41]

Ledig stilling 100 %, heiltid, fast frå 1.august 2018. Lærar vil stå for undervisning og ha linjeansvar for friluftsliv og ekstremsport. Vi ønsker at den som vert tilsett har relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå, har relevante kurs og har relevante fritidsinteresser/erfaring. Søknadsfrist: 15. april 2018.

Overordna mål for Møre Folkehøgskule:

Vi skal gi elevane trivsel, læring og danning i tråd med programmet for frilyndt folkehøgskule.

Arbeidsområde og kvalifikasjonar:

  • Arbeide i samsvar for lover og reglar for folkehøgskulen
  • Undervisning og linjeansvar for friluftsliv og ekstremsport
  • Undervise i andre folkehøgskulefag og valfag etter kvalifikasjonar og behov
  • Med stillinga følgjar sosialpedagogisk arbeid
  • Gode ferdigheiter i å bygge og ivareta relasjonar
  • Lærer skal leggje til rette for gode lærings- og samarbeidsforhold og eit godt miljø for alle på skulen

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå
  • Relevante kurs
  • Relevante fritidsinteresser/erfaring

Skulen kan tilby:

  • Løn etter regulativ for utdanning og ansiennitet
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse

Spørsmål om stillinga?

Kontakt rektor Martin Staxrud på telefon 990 94 400
Søknad med CV og referanser sendes til rektor@more.fhs.no

Søknadsfrist: 15. april 2018