Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Siste nytt > Nyhetsarkiv > Ledig stilling som inspektør ved Møre Folkehøgskule
Siste nytt

Ledig stilling som inspektør ved Møre Folkehøgskule


Av: Martin Staxrud  [Sist endret: 16.12.2016 14:46:45]

Ledig stilling inntil 100 %, heiltid, fast. Inspektøren vil inngå i skulen si leiargruppe og ha medansvar for den daglege skuledrifta og oppgåver knytt til planlegging- og utviklingsarbeid. Vi ønsker at den som vert tilsett har relevant utdanning, leiarkompetanse, god IT-kunnskap og erfaring frå pedagogisk arbeid. Søknadsfrist: 1. februar 2017.

Inspektør – avdelingsleder for undervisning

Møre Folkehøgskule inntil 100 %, heiltid, fast

Møre folkehøgskule er ein frilynd folkehøgskule som ligg i Ørsta kommune på Sunnmøre. Skulen har om lag 95 elevplassar. Skulen er eigd av Sunnmøre Frilynde Ungdomslag. Møre folkehøgskule er ein organisasjon i utvikling og vi ønsker å ha leiarar som kan tenke heilskap og samarbeid, som kan engasjere andre, utfordre det noverande og opptre tydeleg og føreseieleg.

Arbeidsoppgåver:

Inspektøren vil inngå i skulen si leiargruppe og ha ansvar for den daglege skuledrifta og oppgåver knytt til administrativt, planlegging- og utviklingsarbeid.

Inspektøren har eit sjølvstendig ansvar for strategiske initiativ og aktiv leiing som bidreg til å videreutvikle skulen i tråd med styret for skulen sine intensjonar.

Inspektøren har ansvar for å utvikle pedagogisk og didaktisk arbeid i tråd med folkehøgskulen sitt formål og verdigrunnlag.

Om lag 50-60 % av stillinga er knytt til undervisning og sosialpedagogiske oppgåver.

Kvalifikasjonar:

Vi ynskjer at den som vert tilsett har leiarkompetanse og erfaring frå pedagogisk arbeid.   

Lønns- og arbeidsvilkår:

  • Elevar som er motiverte for læring og er positivt innstilt til skulen
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode muligheiter for kompetanseutvikling

Stillingsstorleik inntil 100 %, avhengig av undervisningskompetanseområde. Om lag 50 - 60 % undervisning og sosialpedagogisk arbeid. Stillinga er regulert av lov og forskrifter om folkehøgskolen.

Stillingen er direkte lønnsplassert. Skolen har tariffavtale gjennom hovedorganisasjonen Virke med Folkehøgskoleforbundet/ Utdanningsforbundet.

For øvrig gjeld vilkår som kjem fram av gjeldande lov- og avtaleverk.

Søknadsfrist 1. februar 2017

Søknad med CV sendes: Møre Folkehøgskule, postboks 14, 6151 Ørsta eller i e-post:
martin.staxrud@more.fhs.no

Stadfesting på at søknaden er motteken sender vi ut per e-post. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Ved spørsmål om stillinga kontakt rektor Martin Staxrud på telefon 990 94 400