Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Siste nytt > Nyhetsarkiv > Invitasjon til Møre Fhs fjorårstreff laurdag 11. februar 2017
Siste nytt

Invitasjon til Møre Fhs fjorårstreff laurdag 11. februar 2017


Av: Per Lund  [Sist endret: 10.01.2017 10:57:27]

Ta spranget fullt ut og meld deg på fjorårstreffet! Dette blir årets beste sjanse til å møte mange av dine vener og medelevar frå siste skuleår! Her på skulen sit ekkoet av fjorårets elevar  framleis i veggane, nokre har vore innom på besøk i haust, og nokre har vi fått helsingar og meldingar frå. Vi håper vi får møte mange på fjorårstreffet som vi har lagt til laurdag 11. februar 2017.

Programmet for helga blir som skissert her:


Fredag:

Skidag på Bondalseidet. Skulen står for transport opp til anlegget. Her går skitrekket og kafeen er open. Kjøkkenet kjem opp med varm lunsj. Om du ynskjer skikort så må du kjøpe det sjølve og dette betales først ved ankomst til skolen. På kveldstid blir det svelesteiking I peisestova (mogleg det blir matsal om vi blir mange) og sosial hygge ut over kvelden.

Laurdag:

  • Kl. 12.00 Lunsj i matsalen
  • Kl. 13.00 Fellessamling i peisestova
  • Kl. 14.00 Klassane møter sine lærarar frå i fjor
  • Kl. 15.00 Volleyballkamp mellom årselevane og fjorårselevane (ta med treningstøy!)
  • Kl. 17.00 Festmiddag
  • Kl. 18.30 Program i gymsalen, formell avslutning ca. kl. 21.00

Underhaldning:

Sist skuleår vart det laga mykje flott underhaldning og program. Dersom nokon har lyst til å bidra til laurdagsprogammet med repriser frå alt det kreative som vart laga i fjor, ta kontakt med oss på e-post, eller snakk med Birte Einan (internatleiar) på 909 53 382 eller helst til skulen på telefon 70 04 19 99.

Overnatting:

Skulen er også i år fylt heilt opp med elevar. Dersom nokon har lyst til å kome på torsdag eller fredag vil vi også i år opne for overnatting på eit klasserom. Husk å ha med sovepose og liggeunderlag.

Skulen sitt alkoholreglement gjeld sjølvsagt, og vi baserer dette på tillit til den enkelte. Dersom det blir lagt opp til ein fjorårsfest med alkohol på laurdag etter programmet, må dette sjølvsagt skje ein annan stad enn på skulen. Det er ikkje høve til å kome tilbake på skulen etter at ein har drukket alkohol. Vi ber om at de respekterer dette.

Påmelding:

Vi skal planlegge middag, mat og overnatting til alle, så det er viktig at du melder deg på så snart som råd! Du kan melde deg på ved å bruke skjema som ligg her under ”Siste nytt”.
Du kan òg ta kontakt pr. telefon, eller sende oss ein e-post på kontor@more.fhs.no. Hugs å skrive kven du er, kva klasse du gjekk i, og kva det gjeld. Og, gi klar melding om kva dag du kjem og om du skal overnatte på skulen.
 
Å delta på treffet kostar kr 150,-. For dei som overnattar på skulen kostar det kr 100 pr døgn. Dette skal betalast på førehand til kontonummer 3910.52.51290. Deltaking på skidag kostar kr 200 som betales på skolen ved ankomst.

Helsing frå Birte, Beate, Ingeline, Ellen, Ragnhild, Sumin, Tiina, Haibiao, Tor Erik, Eirik, Christian, Jørn, Kjetil og Knud Jørgen: Vi gler oss til å møtte dokke igjen!

Påmeldingsfrist fredag 20. januar 2017.

VELKOMEN!