Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Siste nytt > Nyhetsarkiv > Invitasjon til Møre Fhs fjorårstreff laurdag 10. februar 2018
Siste nytt

Invitasjon til Møre Fhs fjorårstreff laurdag 10. februar 2018


Av: Per Lund  [Sist endret: 10.02.2018 12:34:15]

Ta spranget fullt ut og meld deg på fjorårstreffet! Dette blir årets beste sjanse til å møte mange av dine vener og medelevar frå siste skuleår! Her på skulen sit ekkoet av fjorårets elevar  framleis i veggane, nokre har vore innom på besøk i haust, og nokre har vi fått helsingar og meldingar frå. Vi håper vi får møte mange på fjorårstreffet som vi har lagt til laurdag 10. februar 2018.

Programmet for helga:


Program fredag:

  • 09.00: Aktivitet i peisestova med Sumin og Tiina
  • 09.00: Avreise shuttle skidag
  • 10.00 - 13.30: Aktivitet i skibakken
  • 15.00: Middag på skulen

Skidag: Skulen står for transport ut til anlegg. Her går skitrekket og kafeen er open. Kjøkkenet kjem opp med varm lunsj. Om du ynskjer skikort så må du kjøpe det sjølve og dette betales først ved ankomst til skolen. På kveldstid blir det svelesteiking I peisestova (mogleg det blir matsal om vi blir mange) og sosial hygge ut over kvelden.

Program laurdag:

  • Kl. 12.00 Lunsj i matsalen
  • Kl. 13.00 Fellessamling i peisestova
  • Kl. 14.00 Klassane møter lærarane frå i fjor
  • Kl. 15.00 Volleyballkamp mellom årselevane og fjorårselevane
  • Kl. 17.00 Middag
  • Kl. 18.30 Program i gymsalen, avslutning ca. kl. 21.00

Underhaldning:

Siste skuleår vart det laga mykje flott underhaldning og program. Dersom nokon har lyst til å bidra til laurdagsprogammet med repriser frå alt det kreative som vart laga i fjor. Ta kontakt med oss på epost, eller snakk med Tor-Erik på 958 57 714 eller tor.erik@more.fhs.no.


Overnatting:

Skulen er også i år fylt heilt opp med årets elevar, men vi ynskjer dykk velkomne frå onsdag slik at de mellom anna kan ha eigenaktivitetar eller delta på skidag. Ta kontakt med din tidlegare linjeleiar om du har andre ynskjer for aktivitetar (dette skriv du i merknadsfeltet i påmeldinga di). Overnatting skjer på klasserom. Du treng liggeunderlag og sovepose/dyne.

Skulen sitt alkoholreglement gjeld sjølvsagt, og vi baserer dette på tillit til den enkelte! Dersom det blir lagt opp til ein fjorårsfest på laurdag etter programmet, må dette sjølvsagt skje ein annan stad i Volda eller Ørsta. Ein må då ordne seg med ein annan overnattingsstad. Det er ikkje høve til å kome tilbake på skulen etter at ein har vore på fest. 

Påmelding:

Vi skal planlegge middag, mat og overnatting til alle så det er viktig at du melder deg på så snart som råd! Du kan melde deg på ved å bruke skjema som ligg på skulen sine nettsider under ”Siste nytt”.

Å delta på treffet kostar kr. 100,- inkludert middag på laurdag. Overnatting på skulen kostar kr. 100 pr døgn, inklusiv mat, badstue, jacuzzi og morgonsamling. Å delta på skidag kostar kr 150,-

Samla beløp for påmelding skal betalast på førehand til konto nummer 3910.52.51290.

Helsing frå lærarane og tilsette frå skuleåret 2016 / 2017: Vi gler oss til å møtte dokke igjen! Assistentane Astrid, Simon, Lotte, Tobias, Frank og Henrik helsar og til alle tidlegare elevar! 

Påmeldingsfrist torsdag 1. februar 2018.

Klikk her for å melde deg på fjorårstreffet 2018