Foreldre og føresette er invitert til foreldrehelg på Møre Folkehøgskule laurdag 5. mai 2018. Vi vil då vise foreldre og føresette litt av det vi har brukt året til. De får møte dei som har hatt ansvaret for dei ulike linjene, og de skal få vere med på ein elevkveld. Vi håper òg de får høve til å oppleve litt av naturen på Sunnmøre. Bruk dette skjemaet for påmelding eller finn meir info på www.more.fhs.no. Frist for påmelding er 27. april 2018.