Søknad om skuleplass ved Møre Folkehøgskule


Møre Folkehøgskule i Ørsta

Gå direkte til skulen sitt søknadsskjema på www.folkehogskole.no (sida åpner i nytt vindu).

Ved søknad fyller du ut alle felt med korrekt informasjon.  Er du i tvil om punkt i søknaden kan du ringe skulen på telefon 70 04 19 99 og be om hjelp. Har du behov for plass til fleire opplysningar skriv du dette i feltet "Spesielle merknader". Du treng ikkje å sende ekstra vedlegg (dokumentasjon) til skulen med mindre du blir beden om dette.

I søknaden din skriv du eit personleg brev der du fortel om kvifor du søkjer om opptak ved Møre Folkehøgskule, om kva framtidsplanar du har og kva du særleg interesserer deg for. Når du har fyllt ut dette skjemaet og sendt det til skulen, eller skrive under søknaden i papirutgåva og stadfesta at du tek i mot plassen, er dette å forstå som ei kontrakt mellom deg og skulen om undervisning, økonomi og oppførsel.

Det er ingen fast søknadsfrist. Vi startar opptak av elevar 1. februar.  Alle som har søkt før den datoen, og som får tilbod om skuleplass, vil få svarbrev sendt frå skulen 1. februar. Etter den tid behandler vi søknadane etter kvart som dei kjem til skulen. Søkjar vil få svar innan eit par dager. Tek du ikkje plassen må du gi beskjed til skulen.

Forhold som Møre Folkehøgskule legg vekt på ved opptak:

  • søkar si forteljing om interesser og grunngjeving for å søke Møre Folkehøgskule
  • mottatt kopi av vitnemål *
  • mottatt opplysning om referanseperson
  • ei rimeleg balanse mellom jenter og gutar

* Om du har stort fråver frå vidaregåande skule, men meinar at dette har årsak i forhold som ikkje vil verke inn på motivasjon og deltaking på skulen, er det fornuftig å ta kontakt med oss. I alle høve er det fornuftig å ta kontakt med skulen dersom du av helsemessige eller andre årsakar treng særskilt tilrettelegging/oppfølging under skuleåret.

Søkjaren vil få ein svarfrist på 8-14 dagar. Dersom du vil vere sikker på at du får plass på den linja du søkjer, bør du søkje snarast.

Praktisk info om skulen (inkl prisar) finn du på denne sida.

Gå til skulen sitt søknadsskjema på www.folkehogskole.no (sida åpner i nytt vindu)

Angrefrist. Når du får tilbod om plass får du samtidig informasjon om at du har angrefrist på to veker, slik det er beskrive i Angrerettlova. Du får òg oversikt over korleis betaling er strukturert gjennom skuleåret. Du er sikra plass når du har betalt innmeldingspengar. Etter at du har betalt får du ei skriftleg stadfesting på dette og utfyllande informasjon om angrefrist, saman med eit angrefristskjema.

Informasjon om prisar på skuleåret finn du under praktisk info. Dersom du sluttar på skulen i løpet av skuleåret, må du betale for seks veker etter at du har forlate skulen.