Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Siste nytt > Nyhetsarkiv > Ledig stilling som rektor ved Møre Fhs
Siste nytt

Ledig stilling som rektor ved Møre Fhs


Av: Per Lund  [Sist endret: 15.12.2017 11:50:41]

Rektor på Møre Folkehøgskule ynskjer ei anna rolle i skulen si leiargruppe. Stillinga blir derfor ledig frå 1. august 2018. Vi ynskjer en person med leiarerfaring, helst frå ein liknande organisasjon og gjerne frå folkehøgskulen. Du bør vere ein person som evner å kombinere interesse for administrative oppgåver og undervisning med sans for kontakt med unge vaksne.Søknadsfrist er 1. februar 2018.

Møre Folkehøgskule ligg i Ørsta på Sunnmøre vakkert plassert midt i Sunnmørsalpane. Frå Ørsta er det gode kommunikasjonsmuligheiter med fly og buss.
 
Skulen er ein middels stor folkehøgskule med internat til ca. 100 elevar. Skulen har god søknad og blir driven med fulle linjer. Elevane sin alder er hovudsakleg mellom 19 og 21 år. Skulen er organisert som ei sjølvstendig stifting.

Meir informasjon om skulen sitt innhald og profil, finn ein på skulen sine heimesider på www.more.fhs.no eller ved å vende seg direkte til skulen.

Rektor har det overordna ansvaret for alle område ved skulen si verksemd. Sentrale arbeidsoppgåver blir å utvikle skulen sin økonomi, dei tilsette sin kompetanse, strukturar og rutinar ved skulen.

Kvalifikasjonar:

  • Vi ynskjer en person med leiarerfaring, helst frå ein liknande organisasjon og gjerne frå folkehøgskulen.
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå.
  • Administrativ kompetanse innan økonomi og personalleiing.
  • Gode ferdigheter i å bygge og ivareta relasjonar.

Skulen skal gi elevane trivsel, læring og danning i tråd med prinsipprogrammet for frilyndt folkehøgskule.  Rektor skal leggje til rette for gode lærings- og samarbeidsforhold og eit godt miljø for alle på skulen. Vi søker derfor etter en person som evner å kombinere interesse for administrative oppgåver og undervisning med sans for kontakt med unge vaksne.

Skulen kan tilby:

  • En arbeidsdag som aldri blir kjedelig og monoton.
  • Løn etter avtale. Medlemsskap i Statens Pensjonskasse.
  • Natur som har uuttømmelege muligheiter for friluftsliv.

Utfyllande informasjon kan ein får gjennom direkte kontakt med rektor Martin Staxrud, martin@more.fhs.no eller midlertidig ass. rektor knud.jorgen.holck@more.fhs.no . Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.  
 
Spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Martin Staxrud på telefon 99094400 eller assisterande rektor Knud Jørgen Holck på telefon 916 76 223.

Søknad med CV sendes til rektor@more.fhs.no.

Søknadsfrist: 1. februar 2018.