Praktisk informasjon med prisar for skuleåret 2019 - 2020


Frokost på Møre Folkehøgskule

Start og slutt: Skuleåret startar laurdag 24. august 2019, og er ferdig torsdag 14. mai 2020.

Feriar: På Folkehøgskulen har vi haustferie i veke 41, vinterferie i veke 8, samt jul og påskeferie.

Aldersgrense: Du må fylle 18 år det året du søkjer. Snittalderen har dei siste åra vore mellom 19 og 20 år.

Søknadsfrist: Første opptaksdato er 1. februar. Skal du vere sikra å kome inn på den linja du ønskjer, er det lurt å vere tidleg ute. Vi har kontinuerleg opptak heilt fram til skulestart. Får du plass, må du betale kr 2.500 i innmeldingspengar, som du ikkje får igjen om du seier frå deg plassen etter angrefristen.

Stipend og lån: Det vert gitt fullt stipend og lån frå Statens Lånekasse for å gå på folkehøgskule. Du kan òg få stipend til heimreiser, rekna etter kor lang reise du har. Søknad sendast til lånekassen før skulestart.

Prisar for linjene:

ANIMASJON JAPAN
Kr. 119.500

EKSTREMSPORT & FRILUFTSLIV, Sunnmørsalpane og Peru
Kr. 123.500

EKSTREMSPORT Sunnmørsalpane
Kr. 120.500

FIT - Friluftsliv Idrett Trening, Thailand (4 veker)
Kr. 119.900

FRILUFTSLIV Sunnmørsalpene og Bali (4 veker)
Kr 122.500

KINA - Midtens rike, med Japan
Kr 119.500

NB: Vi tar forbehold om endring av priser som følge av valutakursar, fly- og transporttariffar, samt uføresette skattar og avgifter som vi ikkje sjølv rår over. Desse forholda kan påverke prisar og/eller innhald i utanlandsturar.

Prisen dekker: Kost og losji, utanlandstur, klesvask, skulemateriell, ekskursjonar, internett, minnebok, skulegenser m.m. Dersom du bur på einerom kostar dette kr 6.000,- i tillegg.

Tillegg i pris for spesialkost:
Diett for Cøliaki/Gluten intoleranse kostar kr 1.000,- ekstra per månad.
Diett for Melke/Laktose intoleranse kostar kr 700,- ekstra per månad.
Diett for Veganar kostar kr 500,- ekstra per månad.
Diett for Vegetarianar kostar kr 500,- ekstra per månad.
For annan allergi eller intoleranse som krev ekstra diett, avtalast et eventuelt tillegg.

Angrefrist: Etter at du har betalt innmeldingspengar har du to vekes angrefrist. Du får tilsendt "angreskjema" som då ev. må nyttast. Dersom du nyttar denne retten, har du òg rett til å få tilbake innmeldingspengane. Dersom du avsluttar skuleåret etter oppstart må du betale skulepengar i 6 veker etter at du har forlate skulen.

Poeng: Eit fullført år på folkehøgskule vil gi deg to ekstra konkurranse-poeng. Vi sender eit brev med informasjon du treng i god tid før skule-start. Dette omfattar skulereglementet og informasjon om kva du treng å ha med deg.

Info om internatet ved skulen:

  • Skulen har 47 dobbelt rom, 4 trippelrom og 4 enkeltrom
  • Romma er utstyrt med seng, 75 x 200 cm, nattbord, eit kleskap til kvar
  • Elevane må ha med eiga dyne og pute pluss trekk og laken
  • Handdukar, såpe og personleg toalettsaker må du halde sjølv
  • Alle elevar får nøkkel til rommet sitt, og til ytterdøra til internatet. Alle må betale eit depositum på kr 500 som vert tilbakebetalt ved skuleslutt når nøkkelen leverast tilbake
  • Skulen har to elevvaskeri med vaskemaskinar og tørketromlar. Elevane må halde vaskepulver sjølve
  • Der er tre elevkjøkken med vasskokar, komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og litt enkelt utstyr
  • Den enkelte elev må ta med kopp, fat og bestikk til eiga bruk i fritida

Reise til og frå skulen: Møre Folkehøgskule ligg i Ørsta kommune. Under Sunnmørsalpane. To steinkast frå Ørstafjorden og ein joggetur frå Ørsta/Volda lufthamn. Det går direktebussar frå Oslo, Bergen og Trondheim. Frå Ørsta til Volda tek bussen ti minutt, til Ålesund 1,5 time.

Du kan reise til og frå Ørsta på fleire måter: Fly Ørsta/Volda (Hovden): Widerøe Fly Ålesund: Norwegian, SAS - Buss: Nor-Way Bussekspress - Ferge: Fjord1. Bruk kartet under for å finne reiserute til oss frå der du bur.