Linjetilbodet ved Møre Folkehøgskule


Våre linjer
11 of 11
  • Åsmund på topptur

    Åsmund på topptur

  • Bratt og smalt og høgt

    Bratt og smalt og høgt

  • Dansejenter ved Titicacasjøen

    Dansejenter ved Titicacasjøen

  • Det er plass til mange sykler på skolen

    Det er plass til mange sykler på skolen

  • En hyggelig dag på trimrommet

    En hyggelig dag på trimrommet

  • Et slag med biljard skaper god stemning

    Et slag med biljard skaper god stemning

  • Ice med Håpskule-elever

    Ice med Håpskule-elever

  • Kinajenter pynta med drakter

    Kinajenter pynta med drakter

  • Sykkeltur i Peru

    Sykkeltur i Peru

  • Treplanting i Peru

    Treplanting i Peru

  • Uten mat og drikke duger helten ikke

    Uten mat og drikke duger helten ikke

Møre Folkehøgskule har i dag 7 linjer. Linjetilbodet er prega av plasseringa som skulen har i Ørsta sentrum, ti minutt frå Volda,  og samstundes midt i Sunnmørsalpane. Noko av Noregs flottaste natur er lett tilgjengeleg i gangavstand frå skulen.

FIT – Friluftsliv Idrett Trening, Thailand, Ekstremsport & Friluftsliv, Sunnmørsalpane og Peru, Friluftsliv Sunnmørsalpene og Bali, Personlig trener med Bali og Ekstremsport Sunnmørsalpene har eit breitt spekter av friluftsaktivitetar på timeplanen. Fjella, fjordane, øyane og elvane byd på mange utfordringar og store opplevingar! I tillegg så reiser elevane på desse linjene på studieturar til Thailand, Vietnam, Peru og Bali.

Klassisk animasjon er utgangpunktet for undervisninga i Animasjon - Japan. Det blir gitt opplæring i mange ulike animasjonsteknikkar, redigering, storyboard og lydlegging. Vi har og kontakt med Høgskulen i Volda som kvart år rekrutterer elevar frå animasjonsklassa ved Møre Folkehøgskule. Studietur til Japan.

Våre kinesiske lærarar har solid kunnskap og lang erfaring med reiser til alle delar av Kina. Når Kina - Midtens rike med Japan reiser på sin årlege seks vekes tur til Kina og Japan, har ein fått med seg ein god ballast med  kunnskap om landet, kulturen, historia, språket, maten og mykje meir som gjer reisa til ei oppleving for livet. Det arbeidet klassa gjer for Håpskulen ser ein fruktene av når ein kjem på besøk i februar / mars. Studietur til Kina og Japan.