|
ADVENTURA EKSTREMSPORT: OM LINJA Søknad om studieplass
• 4 veker i Tyrkia • Dykkersertifikatet • Vindsurfing • Bølgesurfing • Paragliding • Elvepadling • Stisykling • Juvvandring • Klatring • Toppturar i Sunnmørsalpane • Ski/Snowboard
|
Adventura Ekstremsport er linja for deg som vil noko meir. Med Sunnmøre og Tyrkia
som undervisningsarena, flyttar vi grensene dine, og lærer deg og medelevane dine
betre å kjenne. Viktig å merkje seg at folkehøgskule er for alle. Vi krev ingen
forkunnskap i opplegget vi her presenterer, men vi krev at du er motivert til å tileigne deg nye erfaringar. Desse erfaringane vil du ta med deg livet ut.
Drøymer du om å stå på ein topp i Sunnmørsalpane, og køyre ned igjen på ski eller snowboard? Du vil lære teknikk, vegval, skredlære, førstehjelp og alt om utstyr og bekledning for å ferdast trygt i alpane våre.
Har du lyst til å bruke snøsmeltinga til å padle i glassklare og farstfylte elvar? Sjå her
Du vil lære grunnleggjande padleteknikk i elv samt eskimorulle og støttetak.
Vil du vere med ut til Stadt - der det regjerlege havet pressar seg mot land og skaper store bølgjer? Du vil lære om naturkreftene frå havet, litt om utstyret og mykje om teknikk og tryggleik ved aktiviteten, bølgesurfing. Hoddevika ligg berre 1,5 time frå skulen.
Vil du bli med på ei spennande reise utafor turiststien i eit varmare land? Du vil få prøve paragliding frå ein 1800m høg fjelltopp, og lære eit stort utval av ulike ekstremsportar. Les meir her
Tek du utfordringa? Bruk eit år på personleg utvikling saman med likesinna frå heile landet.
Undring og utfordring Ro og harmoni Samhald og venskap
Ved spørsmål om linja kontakt:
Søknad om studieplass >>>