Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Om skulen > Sosialt miljø og fritid
Om skulen

Sosialt miljø og internatliv ved Møre Folkehøgskule


Å bu saman to og to er for dei fleste ein ny situasjon. Mange lurer på korleis dette skal kunne fungere. Dei fleste har hatt rom for seg sjølv i årevis før ein kjem på folkehøgskule og er vande til å kunne styre som ein sjølv vil. No må ein innrette seg etter kvarandre, lære seg å ta omsyn til romkameraten og andre som bur i nærleiken. All erfaring syner at dette går veldig bra, dei fleste opplever at det er sosialt og kjekt. Ein får nye vener, det oppstår venskap og relasjonar som i mange høve varer livet ut.

Internatplassane ved skulen er delt i to avdelingar.

Det største internatet er knytt til hovudbygninga. Her er tre etasjar med elevrom, toalett og dusjar, elevstove, resepsjon, elevkjøkken og lagerrom. I underetasjen er felleskjøkkenet og matsalen.

Annekset har elevrom over to etasjar og er knytt til bygninga der gymsal, treningsrom, biljard, bordtennis og dei fleste klasseromma er lokalisert.

sommarbilete hovudhuset 006 Elevrom
    Hovudbygninga med flott uteområde                      Elevrom
Uteareal Biblioteket
                 Bibliotek med trådløst nettverk

På internatet lever og arbeider ein tett saman. Mykje planlegging av turar, elevkveldar og aktivitetar skjer på ettermiddagstid og kveldstid. Kreativiteten har gode vekstvilkår og samarbeidsånda er oftast svært god. Målet vårt er å få til eit godt miljø og trivelege buforhold for alle elevar. Elevane sin innsats og elevane sine haldningar til kvarandre er og svært viktig for at alle skal trivast. Assistentane har ei særskild ansvar for å bidra til eit godt miljø, og syte for at alle blir sett og finn seg tilrette.

Livet på internatet byr på rikeleg med utfordringar og opplevingar. Det speilar livet på godt og gale, med glede og konflikter. Det blir veldig synleg at ein er avhengig av kvarandre; internatlivet er eit spanande og lærerikt mikrokosmos. Velkomen!

Fasiliteter på skulen og i nærområdet:

Treningsanlegg med spinningsyklar og vekttreningsrom.

Treningsmanual klar for EWAT 2012 Treningsrom Jørgen og Sofie klar for EWAT 1 av 3 Treningsrom Aina klar for EWAT 1 av 3

 

Klatreveggen på skulen
Innføring i klatring og sikring på skulen
Klatring på skulen
Klatreveggen til skulen
Badstu Møre Folkehøgskule
Badstova på skulen

 

Sandvolley på skulen Ute aktivitetar
Skulen har eiga sandvolleybane Aktivitet på skuleområdet


Symjehallen i Volda

                                Symjehall i Volda med sviktbrett og stupetårn

 

Frikøyring i vinterfjellet
                         Skianlegg i nærområdet. Bondalseidet skisenter.


På Sunnmøre er det kultur for klatring, og vi har fleire moglegheitar enn dei fleste til å få utfordra høgdesuget!