Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Om skulen > Personvernerklæring
Om skulen

Personvernerklæring for Møre Folkehøgskule


Frokost på Møre Folkehøgskule

Informasjon til elevar om innsamling og bruk av personopplysningar:

Ansvar for handsaming av opplysningar

Rektor er på vegne av Møre folkehøgskule, ansvarleg for skulen si handsaming av personopplysningar.

Personopplysningar som blir lagra

Vi lagrar følgande personopplysningar om våre elevar:

  • Namn
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Fødselsnummer
  • Kontonummer
  • Statsborgarskap
  • Kjønn
  • Linjeval
  • Opplysningar om fråvær
  • Ev. særskilde opplysningar om helse

Føremål med handsaming og lagring av opplysningar

Vi handsamar opplysningane for å kunne gjennomføre våre forpliktingar og gi undervisingstilbodet etter avtale med deg. Vi nyttar og opplysingane for å kunne gi deg informasjon i forbindelse med elevstemner og andre arrangement som skulen har.

Grunnlaget for handsaminga

Informasjon om: namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer, kontonummer, statsborgarskap, kjønn, linjeval, opplysningar om fråvær og særskilde helseopplysningar blir nytta for å oppfylle avtalen om undervisning. Grunnlaget for denne handsaminga er personvern-forordninga sin artikkel Art 6 (b).

Der du har gitt samtykke, blir opplysningane òg brukt til å gi deg informasjon på e-post og SMS om elevstemner og andre arrangement som skulen har. Grunnlaget for denne handsamingar er personvernforordninga Art. 6 (a). Du kan når som helst takke nei til å motta slik informasjon frå skulen.

Innhenting av personopplysningar

Vi lagrar dei personopplysingane du har gitt på søknadsskjemaet på «folkehogskule.no» i samband med din søknad til skulen.

Vi bruker informasjonskapslar/cookies på våre nettsider for å gi deg som besøker sida best mogeleg kundeoppleving og service. Lov om elektronisk kommunikasjon krev at vi informerer våre besøkande om bruk av informasjonskapslar/cookies. Les meir om bruk av informasjonskapslar her.

Utlevering av opplysningar til tredjepartar

Vi vil ikkje dele, selje, overføre eller på anna måte utlevere personopplysningar til andre, med
mindre vi er rettsleg forplikta til det.

Sletting av personopplysningar

Opplysningar vi har mottatt i samband med din søknad blir lagra i vårt aktive elevregister i 5 år.
Opplysningar om namn og årstal for skuleåret blir berre bli sletta dersom du ber om det.

Opplysningar vi etter bokføringsloven er forplikta til å bevare blir lagra i inntil 5 år, jamfør lova sitt
krav.

Rettar for den registrerte

Vi handsamar dine personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og gjeldande
forskrifter. Vi gjer merksam på at du kan krevje innsyn i og flytting av eigne personopplysningar,
samt krevje retting eller sletting av opplysningar. Ein har høve til å klage til Datatilsynet på
handsaming som er i strid med reglene.

Informasjonstryggleik
Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell tilgangskontroll, og ved kryptering av
sensitive delar av opplysningane.

Kontaktinformasjon

Dersom du ynskjer informasjon om kva opplysningar skulen har registrert, retting eller sletting,
kan du ta skriftleg til denne adressa:

Møre folkehøgskule
Postboks 14
6151 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no