Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Om skulen > Praktisk informasjon
Om skulen

Praktisk informasjon med prisar for skuleåret 2017 - 2018


Frokost på Møre Folkehøgskule

Start og slutt: Skuleåret startar laurdag 26. august 2017, og er ferdig onsdag 9. mai 2018.

Feriar: På Folkehøgskulen har vi haustferie i veke 41, vinterferie i veke 8, samt jul og påskeferie.

Aldersgrense: Du må fylle 18 år det året du søkjer. Snittalderen har dei siste åra vore mellom 19 og 20 år.

Søknadsfrist: Første opptaksdato er 1. februar. Skal du vere sikra å kome inn på den linja du ønskjer, er det lurt å vere tidleg ute. Vi har kontinuerleg opptak heilt fram til skulestart.

Får du plass, må du betale kr 2.000 i innmeldingspengar, som du ikkje får att om du seier frå deg plassen.

Stipend og lån: Det vert gitt fullt stipend og lån frå Statens Lånekasse for å gå på folkehøgskule. Du kan og få stipend til heimreiser, rekna etter kor lang reise du har. Søknad sendast til lånekassen før skulestart.

Prisar for linjene:

Adventura Body & Mind
Kr 114.900
 
Adventura Ekstremsport
Kr 115.200
 
Adventura Sør-Amerika
Kr 118.700
 
Animasjon Japan
Kr 113.900
 
Kina - Midtens Rike med Japan
Kr 112.900

NB: Vi tar forbehold om endring av priser som følge av valutakurser, fly- og transporttariffer, samt uforutsette skatter og avgifter som vi ikke selv råder over. Disse faktorene kan påvirke priser og/eller innhold i utenlandsturer.

Prisen dekker: Kost og losji, utanlandstur, klesvask, skulemateriell, ekskursjonar, internett, minnebok, skulegenser m.m. Dersom du bur på einerom kostar dette kr 6.000,- i tillegg.

Tillegg i pris for spesialkost:
Diett for Cøliaki/Gluten intoleranse koster 1.000,- ekstra per måned.
Diett for Melke/Laktose intoleranse koster 700,- ekstra per måned.
Diett for Veganer koster 500,- ekstra per måned.
Diett for Vegetarianer koster 500,- ekstra per måned.
For annen allergi eller intoleranse som krever ekstra diett avtales et eventuelt tillegg.

Angrefrist: Etter at du har betalt innmeldingspengar har du to vekes angrefrist. Du får tilsendt "angreskjema" som då ev. må benyttast. Dersom du nyttar denne retten, har du òg rett til å få tilbake innmeldingspengane. Dersom du avsluttar skuleåret etter oppstart må du betale skulepengar i seks veker etter at du har forlate skulen.

Poeng: Eit fullført år på folkehøgskule vil gi deg to ekstra konkurransepoeng. Vi sender eit brev med informasjon du treng i god tid før skulestart. Dette omfattar skulereglementet og informasjon om kva du treng å ha med deg.

Reise til og frå skulen: Møre Folkehøgskule ligg i Ørsta kommune. Under Sunnmørsalpane. To steinkast frå Ørstafjorden og ein joggetur frå Ørsta/Volda lufthamn. Det går direktebussar frå Oslo, Bergen og Trondheim. Frå Ørsta til Volda tek bussen ti minutt, til Ålesund 1,5 time.

Du kan reise til og frå Ørsta på fleire måter: Fly Ørsta/Volda (Hovden): Widerøe Fly Ålesund: Norwegian, SAS - Buss: Nor-Way Bussekspress - Ferge: Fjord1. Bruk kartet under for å finne reiserute til oss frå der du bur.