Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Våre linjer
Linjene

Linjetilbodet ved Møre Folkehøgskule


...

Møre Folkehøgskule har i dag 7 linjer. Linjetilbodet er prega av plasseringa som skulen har i Ørsta sentrum, ti minutt frå Volda,  og samstundes midt i Sunnmørsalpane. Noko av Noregs flottaste natur er lett tilgjengeleg i gangavstand frå skulen.

Body & Mind - Asia, Personlig trener - Bali, Friluftsliv med Sunnmørsalpene & Peru, Friluftsliv med Sunnmørsalpene & Bali og Adventura Ekstremsport har eit breitt spekter av friluftsaktivitetar på timeplanen. Fjella, fjordane, øyane og elvane byd på mange utfordringar og store opplevingar! I tillegg så reiser elevane på desse linjene på studieturar til Thailand, Vietnam, Peru og Bali.

Klassisk animasjon er utgangpunktet for undervisninga i Animasjon - Japan. Det blir gitt opplæring i mange ulike animasjonsteknikkar, redigering, storyboard og lydlegging. Vi har og kontakt med Høgskulen i Volda som kvart år rekrutterer elevar frå animasjonsklassa ved Møre Folkehøgskule. Studietur til Japan.

Våre kinesiske lærarar har solid kunnskap og lang erfaring med reiser til alle delar av Kina. Når Kina - Midtens rike med Japan reiser på sin årlege seks vekes tur til Kina og Japan, har ein fått med seg ein god ballast med  kunnskap om landet, kulturen, historia, språket, maten og mykje meir som gjer reisa til ei oppleving for livet. Det arbeidet klassa gjer for Håpskulen ser ein fruktene av når ein kjem på besøk i februar / mars. Studietur til Kina og Japan.