Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Kina - Midtens rike

Kina - Midtens rike med Japan: Om linja 



Dette er linja for deg som er interessert i Asia med hovudvekt på Kina og Japan. Linja har ei unik 6 vekers reise til Kina og Japan. På den lange reisa får du oppleve Kina sitt mangfald og sjå likskapar og ulikskapar mellom dei to landa. Denne reisa er den lengste reisa til asiatiske land blant alle folkehøgskulane. Reisa vil også gi deg solid innsikt i eigen kultur og dine erfaringar.

Kinalinja inviterer kvar haust ein Kungfu-meister frå universitetet i Beijing til skulen i Ørsta for å undervise klassen i kinesisk kampsport. Les meir om kampsport-undervisninga her og sjå video frå undervisninga her.


kina_japan_map_flags_900x420px

Du får mellom anna lære meir om:

  • Kina og Japan, både kultur, historie og dagens samfunn
  • kinesisk språk og kalligrafi
  • litt om japansk språk
  • kinesiske og japanske filmar
  • kinesisk kampsport
  • tradisjonelle kinesiske spel
  • kinesisk matlaging og sushi 
  • prosjektet Håpskulen 
  • fjellturar og vandreturar på Sunnmøre
  • Kina og Japan - seks vekes rundreise

Følg oss i sosiale medier:

KInaklassen på FacebookKinaklassen på YouTubeKinaklassen blogg


Kina med verdens eldste kontinuerlige historie er i endring, en historisk endring. I løpet av året fordyper vi oss i Kinakunnskap, lærer kinesisk språk, kalligrafi og historie, og diskuterer kulturskilnader, aktuelle hendingar  i politikk og samfunn. Vi lærer ikkje berre om et Kina som har blitt alt synligare i det internasjonale samfunnet, utan om mange Kina med store regionale variasjonar og mange unike kulturar.

Japan er et av Kinas viktigaste naboland. Mange element i den japanske kulturen kommer opprinneleg frå Kina, men de to landa har utviklet seg i to forskjellige retningar. Vi lærer litt japansk språk og kultur for å kunne forstå Japan i dag. 

Håpskule-prosjektet er en del av undervisninga i linja. Vi samlar inn pengar til en fattig barneskule i et naturskjønt område i det sørlige Kina. Møtet med barna på barneskolen under Kinaturen vil gi minner for livet.

Meir informasjon om Håpskule-prosjektet finn du her.

Klassen har også eigen blogg på www.kinaklassen.com. Der finn du nyheiter om aktivitetar på linja og skulen, videofilmar om Kinaturar og folkehøgskuleliv, fotoalbum og reisebrev frå kinaturane i de siste åra.


Velkommen!


Ved spørsmål om linja ta kontakt med ein av linjelærarane:

Sumin Qiu og Haibiao Miao


Sumin Qiu
930 30 264
sumin@more.fhs.no

Haibiao Miao
466 79 962
haibiao@more.fhs.no