Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Animasjon Japan > Om linja
Animasjon Japan

Klassisk animasjon og Japan



Vil du lære korleis klassisk animasjonsfilm blir laga? Vil du ha innsikt i hemmelegheitene bak teiknefilmen sine mysterier, og vere ”gud” og skape liv? Då er dette linja for deg!

Du treng ingen forkunnskap for å søke på Animasjon Japan, - bortsett frå motivasjon, lærevilje, kreativitet og fantasi. All opplæring blir gjort frå grunnen av og hovudvekta blir lagt på klassisk animasjon. Vi går igjennom og lærer mange animasjonsteknikkar, redigering, storyboard og lydlegging. 

Du får lære om:

  • Teiknefilm
  • Pixillasjon
  • "Cut out"
  • Dukkefilm
  • "Flash"
  • Eksperimentell animasjon
  • Musikkvideo
  • "Stop Motion"
  • Kamera
  • Manus/storyboard
  • Bildekomposisjon
  • Redigering i "Adobe Premiere"
  • Lyd

Vi har 16 timer i veka med linjefag og fri tilgang til arbeidsrom og utstyr også utanom undervisningstida. Grip muligheitene og lag filmar i fritida! Eit år på Animasjon Japan vil gi deg gode forkunnskapar til studium innanfor animasjons­faget.

Utstyr og annet:

  • Lysbord
  • Speilreflekskameraer
  • Glassbord med flere nivåa
  • PC-ar
  • Mange animasjonsbøker
  • Teiknesaker
  • Alt nødvendig materiell for å lage animasjonsfilm

Animasjonsklassen bruker mykje tid i ro på klasserom og arbeidsrom. Derfor går vi på turer og har litt fysiske aktiviteter kvar veke.

Studietur til Japan:

Animasjonsklassa skal før påskeferien være to veker i Japan. Vi skal vere godt forberedt og lære om japansk kultur, historie og samfunn før vi reiser. Vi får også eit lite språkkurs. Japansk animasjon er meir enn manga og animè. Vi skal få litt innsikt i breidda i Japansk animasjon, før vi reiser og får oppleve landet på nært hald. PS. ein må sjølv ordne med transport frå skulen/heimenfrå til Gardermoen før avreise. (vi legg inn nokre fridager før turen). 

Filmfestivaler:

  • Animation Voldablir arrangert kvart år i september i Volda. Dette arrangementet fungerer også som prefestival før animasjonsfestivalen i Fredrikstad, der dei beste filmene fra Volda blir vist.
  • Fredrikstad Animation Festivaler ein fire dagers animasjonsfestival med mange flotte filmar, verdskjende filmskaparar (feks fra Disney, Pixar, Aardman, AKA osv.) og spennande seminar.
  • Den norske dokumentarfilmfestivalener den eldste dokumentarfilmfestivalen i Norge. Her får vi sjå flotte kort-, dokumentar- og animasjonsfilmar. Festivalen blir arrangert ein gong i april, i Volda.

Klassen arrangerer filmfestival for hele skolen på slutten av skoleåret.

Vi besøker animasjonslinja ved Høgskulen i VoldaHer kan ein ta bachelorgrad i animasjon. Fleire elevar frå Animasjon Japan har gått vidare til studier på Høgskulen i Volda.


Ved spørsmål om linja ta kontakt:

PERSONALET, M+índ-á, Tiina

 

Tiina Jüring
Linjeleiar

488 66 476
tiina@more.fhs.no