Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Animasjon Japan > Aktuelt frå linja > Animasjonsklassen på festival i Fredrikstad
Animasjon Japan

Animasjonsklassen på festival i Fredrikstad


Av: Tiina Jüring  [Sist endret: 05.12.2018 17:37:19]

Kvart år reiser animasjonsklassa på festival i Fredrikstad. Dette har klassa gjort dei siste 10 åra. «Fredrikstad Animation Festival» går over fire dagar og har alltid mykje spennande på programmet. Du kan lese om festivalen her: http://animationfestival.no/nb.

Åpningsfilmen på årets festival var "Tårnet" av Mats Grorud. Filmen har verdenspremiere og verdensturné akkurat i desse dagar. Det vart også presenter mange forskjellige filmprogram frå Norden, Baltikum og resten av verda.

Det er sjølvsagt mange animasjonsfilmar på festivalen, men det blir også arranger interessante og lærerike seminar og møte med filmskaparar, animatørar og produsentar. I år var det seminar med Goro Fujita som snakka om "Animating & Painting in VR". Eric Daniels frå Disney med "Between Art and Tech" og Carter Goodrich snakket om " Character Design". Alt er veldig spennande, og elevane fekk fleire autografar frå seminarhaldarane.

Elevane kom heim frå festival litt klokare på animasjonsfilm og med mye ny inspirasjon.

Vi gler oss til neste års festival i Fredrikstad!