Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Animasjon - Japan > Aktuelt frå linja > Spennande dagar for animasjonsklassa i Tokyo i Japan
Animasjon - Japan

Spennande dagar for animasjonsklassa i Tokyo i Japan


Av: Einar Opsvik  [Sist endret: 17.03.2015 09:41:11]

Etter ein lang flytur frå Norge og ein trøtt start i Japan der alle elevar har snudd døgnet, er lærar Tiina og alle i animasjonsklassa i full gang med å utforske Tokyo. Denne enorme byen er ny for dei fleste, og Tokyo byr på mange ulike og spennande opplevingar. Elevanei har fått kjenne på stemninga i ein vennleg og rein by med mange nye smakar og opplevingar. Ikkje minst blir det gjort mange gode forsøk med spisepinnar.

Ein del av Japansk kultur er buddhismen. Vi har vore på besøk i eit kjend tempel, Sensoji, i bydelen Asakusa. Mange syntes nok at besøket i Akihabara seinar på dagen var meir givande. Denne delen av Tokyo har ei mengd butikkar med spel, elektronikk, effektar frå animasjonsseriar og filmar. Her kan ein og får kjøpt det meste av figurar, klede og smådingsar. Etter vårt besøk her har Japansk økønomi fått ein ny giv.

Vi har og vore i Tokyo Metropolin Government Building og sett på utsikten over byen. Den er overveldane, med utsikt kun til bygningar og by i alle retningar.

Shinjuku er eitt av to store sentrum i Tokyo. Her myldrar det av folk, og her var vi på besøk i Pokemonsenteret. Dette viste seg å vere kun ein stor butikk, men mange fekk langt igjen ein del kapital også her.

Det mest interessante og inspirerande så langt er eit besøk på eit privat college i Tokyo, Tokyo Designer Gakuin College. Vi vart tatt svært godt imot og vi fekk omvisning, ei lita forelesing om skulen og vi fekk sjå produksjonar som studentane der har laga. Animasjonslinja på denne skulen har ca 100 elevar, der om lag halvparten er frå utlandet. Utfordringa for mange er at all undervisning er på japansk.

Eit anna høgdepunkt for mange var besøk på Ghibli-museet, Hayao Miyazki, har har hatt klare tankar med kva gjestar skal få oppleve, og han har sjølv stått i spissen for utforminga. Vi opplevde eit museum som var spennande, varmt, lærerikt og kjekt. For dei som likar denne sjangeren av japansk animasjon er dette ei stor oppleving.