Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Animasjon - Japan > Aktuelt frå linja > Animasjonsklassa sto for elevkveld med eventyr i nye utgaver
Animasjon - Japan

Animasjonsklassa sto for elevkveld med eventyr i nye utgaver


Av: Tiina Jüring  [Sist endret: 26.02.2015 15:39:24]

Lørdag 21. februar 2015 arrangerte animasjonsklassa ein eventyrkveld for resten av skulen. Ansvaret for elevkveldar går på omgang mellom klassene. Animasjonklassa er full av fantasi og kreativitet, og eventyrfigurar er spanande å jobbe med.

Denne lørdagen presenterte klassa ein elevkveld med eventyr i nye utgåver. Det vart rett og slett ein kjempevellykka kveld!

Det var sketsjer på scena der Askeladden "øydela" forskjellige eventyr. For eksempel tok han Askepott sin sko, stjal prinsen frå Tornerose, hadde fest hos Rødhette si bestemor og kapra noko som var veldig viktig for animasjonsklassen - nemleg Internettboksen. Det var filmar, konkurranse og skikkelig eventyrquiz i Kahoot!.

Takk til alle kreative krefter i klassa Animasjon Japan.