Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Adventura Sør-Amerika > Tur til Sør-Amerika
Adventura Sør-Amerika

Adventura Sør-Amerika: Studietur til Peru



Filmen Soy Peruano er laga av tidligere elev Mauritz Solberg Brekke. Filmen er i stor grad bygget på samme opplegg som vi skal gjennomføre i 2017.

Er du klar for ditt livs opplevelsesreise? Studieturen til Peru startar etter juleferien og varer i om lag tre veker. Den er intens og krev stå-på-vilje! Til gjengjeld får du oppleve et av planetens mest eksotiske og allsidige reisemål, i alle klimasoner og landskaper fra høgtliggende områder av verdens største regnskog Amazonas, via snødekte topper i Andesfjellene og ned til urørte ørkenområder langs Stillehavskysten.

Vårt mål er å bli kjende med ein annan kultur, ein anna levemåte i eit anna klima, og særleg lære om berekraftig naturforvaltning, i samband med moderne turisme og friluftsaktivitetar.

Peru er kanskje verdas beste reisedestinasjon, og vi skal lære og oppleve mykje om landet som var inkaene sitt hovudsete. Vi skal vere i aktivitet med kitekurs, fjellturar i store høgder, terrengsykling i områder som får Alpene til å blekne og på trekking inn i de høgstliggende delene av Amazonas, på veg til Machu Picchu.

Vi landar i Lima tidlig i januar, og beveger oss raskt sørover Stillehavskysten, til strandbyen Paracas. I lagunen ved nasjonalparken der, vil vi gjennomføre kitekurs i fantastiske omgjevnader. Målet for kurset, er å klare å meistre kiten i vatnet, på eigenhand. I tillegg vil vi ha ein felles utflukt til det eksotiske dyrelivet på Islas Ballestas, der vi kjem heilt tett innpå pingvinar, sjøløver og nokre hundre tusen hekkande sjøfuglar.

Det vil også være moglegheit for å forsøke paragliding over Stillehavsklippene for den som ønsker det, samt prøve seg på de nyetablerte Desert Trekking-rutene, som går langs mange tusen år gamle ørkenruter.


Landskap i Peru

Etter ei veke i Paracas, set vi oss på bussen i retning i Cusco, inkaenes hellige by. Beliggende 3400 moh er Cusco kanskje den flottaste byen i Peru, med ein idyllisk gammal bydel, basert på ruinar og murar etter inkaenes fantastiske bygningskunst.

Vi skal opphalde oss i høglandet i Cusco ein periode, for det tar nokre dagar før ein er akklimatisert og føler seg komfortabel med høgda og den tynne lufta. Når det er gjort, kan vi starte på Inka Trekkinga, som vil ta oss opp mot heile 4700 moh!

Inka Trekking er en 4-5 dagars fjelltur, som tar oss frå Cusco til Machu Pichu, inkaene sin hemmelege by. Fjellturen er ei fantastisk reise, på inkaene sine gamle ferdselsruter, slik dei var for 1000 år sidan: Frå jordbrukslandskap på 3500 moh., til omgjevnader i alpint landskap med toppar på opp mot 6000 moh., der vi må rekne med å møte sludd og snø. Syns-inntrykka på reisa kombinerer det beste av norsk fjellheim slik vi kjenner det, og kvassare tindar enn ein finn i Alpane. Og vi kjem tett på elementa, ettersom vi  bor i telt og må bære oss sjølv, med litt drahjelp frå muldyr.

Etter å ha kryssa det høgaste passet på turen, vil vi ende opp i jungellandskap i Urumbumba-dalen, med tropiske temperaturar, og eit svalande, langvarig bad, i dei varme kjeldene langs elva før vi bestiger Machu Picchu.   Byen som de spanske erobrarane aldri fann, står i dag på UNESCOs verdsarvliste med god grunn: Byggverket er fantasisk, og landskapet rundt står i stil, det heile er rett og slett eventyrlig majestetisk!


Barnehjemsbesøk

Studieturen vår til Peru er krevjande, fordi vi ønsker at elevene skal komme i nærkontakt med elementa, for å lære mest mogleg. Det betyr at vi i hovedsak bor enkelt, ofte i telt, eller saman med lokalbefolkninga. Vi reiser med svært erfarne lokale guider, og dermed vil sikkerheten være på topp. Men du må være innstilt på mykje reising i gruppe, tett på andre, med lite søvn og annleis mat, over ein periode på rundt tre veker.

Sjølv om nokre aktivitetar er meir krevjande enn andre, treng du ikkje å være noko supermenneske for å bli elev på linja: Vi vil bruke heile hausten på å gjere deg i stand til å gjennomføre turen. Ved å trene gradvis, frå dei heilt enkle småturane i Sunnmørsalpane, til større utfordringar over fleire dagar, vil du lære mykje og bli i god form.
Det einaste vi krev, er stå-på-vilje og ynskje om å gjere ditt beste, i lag med andre! Resten kjem av seg sjølv!



Nyttig informasjon:

Det du må betale utanom er reise til og frå Gardermoen og drikke til måltidene:

Drikke til måltider Peru: ca kr 2.500,-

Vaksiner for Perutur: kr 500 - 1.500,- (avhengig av kva for vaksiner du har frå før).

NB: Vi tar forbehold om at større endringer i valutakurser kan påvirke prisnivået og /eller innholdet i utenlandstur.


Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Eirik

 

Eirik Loftesnes
Linjeleiar

936 70 575
eirik@more.fhs.no