Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Adventura Ekstremsport > Utstyr du vil trenge
Adventura Ekstremsport

Adventura Ekstremsport: Utstyr du vil trenge



Møre Folkehøgskule har mykje utstyr på huset til allsidig friluftsliv. Vi har telt, lavvo, stormkjøkken, primus, klatreutstyr, elvekajakker, havkajakker, naust, båt, fiskeutstyr, snøspadar, skredsøker (sender/mottaker) og søkestenger. I tillegg har vi gode fasilitetar og utstyr til ei aktiv fritid.

Les meir om sosialt miljø og internatliv på skulen her.

Som elev på linja Adventura Ekstremsport treng du noko utstyr. Det er berre å ta kontakt om du skulle lure på noko når det gjeld dette. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd:

Turutstyr:

  • Dagstursekk med festereimer til ski  (30-45 liter)
  • Sovepose og liggeunderlag (tre sesongars)
  • Lakenpose (eller om du har ein lett sovepose)
  • Termos, turbestikk og turmatboks
  • Hovdelykt og kniv (av den enkle sorten)
  • Solbriller og solkrem
  • Kartet «Hjørundfjorden» (kan kjøpast i Ørsta)
  • Førstehjelpsutstyr (minimum tape, Paracet/Ibux og gnagesårplaster)

Turbekledning:

  • Vann og vindtette klede
  • Fjellsko med god ankelhøgde (å gå inn nye fjellsko er nødvendig)
  • Ullundertøy og ullsokkar (minimum 1 sett)
  • Lue, hanskar og buff/hals

Treningstøy:

  • Treningstøy til gymsal og ute
  • Joggesko til gymsal og utandørs bruk

Sykkel og sykkelutstyr:

Sykkelen er ikkje berre eit transportmiddel, vi brukar den også på sti. Vel ein sykkel med dempegaffel foran. Den kan god vere brukt. Viktigaste er at den fungere og passer deg.

  • Sykkel
  • Sykkelpumpe og enkelt reparasjonsutstyr
  • Sykkelhjelm

Sjå til at sykkelutstyret er i orden før skulestart! Typisk bremser, dekk og gir.

Skiutstyr:

Du vel sjølv om du vil stå på ski eller snowboard. Fordi vi skal gå toppturar i tillegg til å stå i preparert bakke, vil du trenge følgande type utstyr:

  • Snowboard berekna for frikjøring, truger og teleskopstavar
  • Toppturski, feller og teleskopstavar
  • Hjelm og skibriller
  • Skibag til å beskytte utstyret i, under transport

Skiutstyr er krevjande å kjøpe, fordi det er dyrt og spesialisert utstyr. Vi anbefaler derfor å utsette dette innkjøpet til hausten, slik at lærar kan hjelpe deg med å finne riktig utstyr.

OBS! Møre Folkehøgskule meiner alvor med skredsikkeheit. Vi har derfor komplett skredutstyr til utlån for alle friluftslivelever, slik at elevane ikkje trenger å kjøpe dette.

Ta med om du har:

  • Våtdrakt
  • Dykkermaske, snorkel og svømmeføtter
  • Vanntett pakkbag
  • Fotoapparat/videokamera
  • Instrument

NB: Vi gjer ei felles bestilling på våtdrakt i løpet av den fyrste veka på skulen for dei som treng det. Det kostar ca kr 2.500 kroner for ein våtdrakt.


Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Tor-Erik Moen

Tor-Erik Moen
Linjeleiar

958 57 714
tor.erik@more.fhs.no