Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Adventura Ekstremsport

Adventura Ekstremsport: Om linja



Adventura Ekstremsport er linja for deg som vil noko meir. Med Sunnmøre og Tyrkia som undervisningsarena, flyttar vi grensene dine, og lærer deg og medelevane dine betre å kjenne. Vi stiller ingen krav til forkunnskap i dette opplegget vi her presenterer. Det vi derimot krev av deg, er at du er motivert til å prøve noko nytt, og er villig til å bevege deg ut i det ukjende. Vi har framleis nokre ledige plassar for skuleåret 2014/2015.
Send søknad HER

Dette er linja for deg som:

  • Ynskjer å utfordre deg sjølv
  • Vil "det lille ekstra"
  • Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend
  • Ynskjer å lære eit stort mangfald av ulike ekstremsportaktivitetar
  • Ynskjer å kome i bedre form
  • Ynskjer å utvide det sosiale nettverket

På linja lærer du:

  • Førstehjelp / livredning
  • Elvepadling teknikk og sikkerhet
  • Bølgesurfing teknikk og sikkerhet
  • Ulike typar stup frå sviktbrett og plattform 1, 3 og 5 meter
  • Vindsurfing
  • Dykking ned til 18 meter. Sjå film HER
  • Stisykling teknikk og linjevalg
  • Topptur. Trygge vegval, skredlære teori og praksis
  • Frikøyringsteknikk på ski/snowboard
  • Klatreteknikk inne og ute på topptau og boltar
  • Kreativ filming med "Actionkamera" og videoredigering i Adobe Premiere.

Du vil mellom anna oppleve:

  • Nye sider ved deg sjølv
  • Å få nye venner
  • Teltturar og hytteturar
  • Ei fantastisk reise gjennom Tyrkia
  • Tandem fallskjermhopp eller paragliding
  • Cappadocia,verdas beste arena for stisykling. Sjå film HER
  • Juvvandring
  • Kvasse alpar og urørt puddersnø på toppturar i Sunnmørsalpane
  • Heisbasert ski/snowboardkøyring på Strandafjellet. Sjå film HER 
  • Bølger og kvite sandstrender i Hoddevika
  • Ein skule tilrettelagt for ei aktiv fritid 
  • Knall og fall - glede og meistring
  • Å vere aktivitetsleiar på Spenningskurset. Leis meir HER
  • Ekstremsportfestivalen "X2". Les meir HER
  • Ein lærar med spisskompetanse som vil motivere deg og pushe deg.

Tek du utfordringa? Bruk eit år på personleg utvikling saman med likesinna frå heile landet.



Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Tor-Erik Moen

 

Tor-Erik Moen
Linjeleiar

958 57 714
tor.erik@more.fhs.no