Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Adventura Ekstremsport > Aktuelt frå linja > Vårens topptureventyr med Adventura Ekstremsport
Adventura Ekstremsport

Vårens topptureventyr med Adventura Ekstremsport


Av: Tor-Erik Moen  [Sist endret: 07.05.2015 10:44:50]

Elevane på Adventura Ekstremsport ved Møre Folkehøgskule skulle etter ein lang vinter få prøve seg på eit av dei verklege flotte og tøffe fjella på Vestlandet. Nemlig klassikaren Skåla, også kjent som Skålatårnet etter bygningen på toppen. Fjellet ligg på 1848 meter over havet, og vi parkere på ca 40 moh, så det var 1800 høgdemeter som låg og venta på oss.

Ein topptur i desse traktene, på denne årstida kan inneholde fleire aspekt. Skåla hadde alle. Vi måtte til med alpin start, vi dro presis frå Møre Folkehøgskule kl 06.00. Vi hadde parkert, fått ski på sekken og var i vegen kl 08.00. Etter eit kvarters gange fekk vi retta litt på sekken og fått av oss litt klede. Dette var dagen då mange gjekk i shorts!

Så etter å ha gått i ein god time, og erobra 600 høgdemeter var det på tide å få ski på beina. Herfra bar det opp opp og opp! Ein gjeng på 16 hold eit jamt tempo opp dei første skråningane, før vi hadde ein skikkelig lunsj ovanfor Skålavatnet. Herfra var det berre kos, for etter kvar høgdemeter fekk vi ny utsikt. Vi såg Jostedalsbreen på eine sida og heim til Sunnmøre på den andre. Fjorden inn til Loen og Stryn gjorde det heile til eit glansbilete.

Vel framme ved Skålatårnet 5 timar etter vi gjekk frå bilen blei det ein kjapp tur inn i hytta for å reklamere litt for DNT. Etter dette blei det nokre obligatoriske fotoshoots før vi tok av fellene og på med hjelmen. Turen ned dei 1.200 høgdemetrane var som ein draum. Med litt syre i låra blei det også mykje latter, knall og fall.

Vel nede, då solkremen var svetta vekk og skia var pakka i hengaren køyrde vi til Loen og overnatta på campingen med flott utsikt til Skåla og fjorden. Nils klarte til og med å få ein laks på sluk der han fiska til lærarens store lettelse, lovlig i havet frå ei brygge. Så gratulere med ein tokilos Nils!

Takk for ein ugløymeleg tur. De er fantastiske.

Med helsing Tor-Erik Moen, lærar