Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Ekstremsport Sunnmørsalpane > Aktuelt frå linja > Elvepadling og surfetur med linja Adventura Ekstremsport
Ekstremsport Sunnmørsalpane

Elvepadling og surfetur med linja Adventura Ekstremsport


Av: Per Lund  [Sist endret: 29.04.2016 11:47:50]

Det er berre dager att av skuleåret. Det er hektiske dagar for både elevar og lærarar. Så når vi no skal vaske og pakke er det fint å sjå tilbake på dei siste vekene. Og for ekstremsportklassen har det vore pakka med action! Sist veke var det elvepadlekurs der elevane har vore i elva med instruktør. Mange økter i bassenget på haust og vår har gjort til at ein var godt førebudd til møte med elva. Resultatet var mykje padleglede og bestått «våttkort elv». Sjå film frå veka!

Vi er berre komen til torsdag, men vi har allereie hatt tre dagar i vatnet på Stadlandet og Hoddevika. Med nydelige naturopplevingar, bølger som slår inn mot land, det enkle friluftslivet med telt og stormkjøkken samt ei sol som går ned i havet. Det var dekka for nydelige dagar i Hoddevik med surfing som hovudaktivitet.

Elevane brukte erfaringane frå sist tur til å ta bølger og ri dei inn i solnedgangen. Mykje øving og failing gjorde til slutt at ein fekk føle gleda og meistringa med bølgekrafta som tok deg inn til land. Det blei også tid til fjelltur, øving på longboard, bålkos og turar på stranda. Du ser bilete frå surfinga i bildegalleriet.