Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Adventura Ekstremsport > Aktuelt frå linja > Elevene på Adventura Ekstremsport sin dag i snøhimmelen!
Adventura Ekstremsport

Elevene på Adventura Ekstremsport sin dag i snøhimmelen!


Av: Per Lund  [Sist endret: 05.02.2016 11:41:22]

Det var meldt overskya, snø, snø og snø. Så onsdag 3. februar pakka vi utstyret og dro til Strandafjellet skisenter. Det er også der vi har har årskortet vårt i år. Da vi kom fram var det eit par elevar som angra bittert på å ikkje følge med i timen, og hadde då tatt med slalom/carving skia sine. I dag var det PUDDERALARM! Så i snøkavet satt vi i stolheisen og prøvde å finne ut kor det var fint å køyre denne dagen. Vi fekk oss nokre fine turar før vi tok lunsj.

Så i lunsjen letta været, sola kom fram og endelause løyper og kilometer med villsnø og jomfrusnø låg og venta på oss.Utslitte etter å ha hatt tidenes dag i sisenteret dro vi heim med eit stort glis rundt munnen. Forholda ligg godt til rette for gode skiopplevingar vidare i vinter og vår. Snø er det nok av! På oppsummeringa i dag var nokon av oss framleis små euforiske etter gårsdagens snøbonanza.

Les mer om linja Adventura Ekstremsport her og følg oss gjerne på bloggen vår.