Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Adventura Ekstremsport > Aktuelt frå linja > Ekstremsport-klassa traff bølgene i Hoddevika på Stadlandet
Adventura Ekstremsport

Ekstremsport-klassa traff bølgene i Hoddevika på Stadlandet


Av: Tor-Erik Moen  [Sist endret: 23.04.2015 22:07:17]

Denne veka var det duka for surfing igjen! Vi lasta opp buss og hengar med kursen for Stadlandet og Hoddevika på Sunnmøre. I bagasjen var det masse mat, våtrdakter, telt, liggeunderlag, soveposer og mykje knask! Fokuset var å finne roen, ikkje stresse og surfe masse! Vi kom fram måndag og bølgene var perfekte! Det braut fint og det var mykje push! Sola sto høgt på himmelen heile dagen og det var sommer i lufta. Ein perfekt start på veka med andre ord.

Etter ein god session i vatnet vart det middag med påfølgende bål og grilling av pølser. Vi snakka om den fine dagen der vi satt på stranda og såg på solnedgangen. Dagen var blitt akkurat slik vi håpa, med surfing i supersmude bølger, slakkline, sol. Blei til og med tid til å rulle longboard og lese litt i bok.
 
Tirsdag vakna vi til at nesten alle (inkludert lærern) forsov seg til frokost kl 09, så det var virkelig roens navn vi spiste frokost når klokka nærma seg 10. Alle like blide! Så var det session i vatnet att. Nokre av elevane stråla frå topp til tå etter særs gode opplevingar i vatnet, mens nokon jobba hardt med å nå måla sine. Lunsjen blei tatt på veg opp til Mosekleivhornet som ligg på 500 moh. Her blei det tatt nokre flotte bilete, og utsikta til både Vestkapp og resten av fylket var upåklagelig. Fleire som oppdaga dei flotte stiane her oppe, og såg føre seg at her kunne det vore flott med stisykling!

Slik som alle gode fjellfolk og utebuarar er det lurt å sjå litt på veirmeldinga. For her fant lærar ut at det er storm på veg! Og han er på veg inn rett frå vest. Når ein ligg i telt i Hoddevik er det leit med storm frå vest. Den riv kraftig og det er ingenting som stansa den. Så her blei det omkalfatring i planane.

Så onsdag morgon pakka vi sakene og reiste i retur til Ørsta. Vi stoppa i bassenget i Volda der vi henta elvekajakkane våre og fekk øvd litt ekstra på støttetak og eskimorulle, for i veka som kjem er det ELVEPADLING på planen! Etter all treninga er vi altså klar for elva. Kos de med bileta og så sjekk ut bloggen for elevane sine eigne ord og bilete! Les meir på www.ekstremsportklassen.com.

Foto: Nils Andreas Smith-Erichsen