Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Adventura Ekstremsport > Aktuelt frå linja > Årets første topptur i 2016 med Adventura Ekstremsport
Adventura Ekstremsport

Årets første topptur i 2016 med Adventura Ekstremsport


Av: Tor-Erik Moen  [Sist endret: 28.01.2016 19:39:47]

Etter at det var kome meter på meter (føltes i alle fall slik ut) med snø, var det på tide med årets første topptur. Læraren med 10 års fartstid i desse fjella kunne ikkje huske likanande snødump! Målet klassen hadde satt seg for dagen var Vallahornet (809moh) som ligg eit par steinkast frå skulen. Vi tok på og med oss alt av nødvendig utstyr for å kunne ferdast godt i fjellet. Avreise frå skuletunet etter morgonsamling, og vi gjekk med ski på sekken opp til enden av vegen og derfrå var det på med feller og truger.

Fleire av elevane kommenterte kor fint det var å gå opp. Altså er det meir med toppturen enn nedkøyringa. Og med skulen plassert midt i Sunnmørsalpane hadde vi allereie eit godt utgangspunkt. Etter gode to timar opp var vi på toppen. Det var ei nydeleg utsikt og snøen låg opp til brystet på oss. Jøtul (hunden til læraren) såg ein berre halen på fordi snøen var så djup.

Nedkøyringa var ein stor opplevelse for dei fleste. I fjørlett puddersnø kunne det rett og slett ikkje bli bratt nok fordi all snøen bremsa farten godt. Men etter kvart blei det god flyt i gjengen som fekk stått 780 høgdemeter for skia blei ikkje tatt av før heilt nede på skuletunet. Ein perfekt start på ein perfekt sesong.

Sjå bileteserie for skiglede og motivasjon for å oppleve det same. Kom deg ut ut ut!