ADVENTURA EKSTREMSPORT: Vinter- og vår aktivitetar: Topptur•Jibbing•Ski/Snowboard
Skianlegg:
Når snøen ligg kvit, blir det mykje ski og snowboard aktivitetar i dei næraste skianlegga. 15 minutt frå skulen har vi Bondalseidet som tilbyr kveldskøyring tirsdag til fredag, frå januar til april. 1,5 time frå skulen har vi Strandafjellet som er kjend for den beste "off piste" køyringa i landet. På Adventura-vatn vil du få høve til å utvikle deg på ski og brett.
Har du lyst å prøve noko nytt? Vi har ei veke der vi byttelåner utstyr av kvarandre, slik at alle får prøve både alpint, snowboard og telemark.
Til info: Elevar ved Møre Folkehøgskule får sesongkort til halv pris( 1900 kr)
Jibbing/Skileik:
I november/desembar blir det ein del grunntrening med trampett og akrobatikk i svømmehall.
Vil du lære å ta nokon triks? Vi kjem til å bygge hopp i laussnøen og leike mykje på ski og snowboard.
Toppturar:
Har du lyst å bli med til topps? På bilete ser du Saudehornet, nabofjellet til Folkehøgskulen. I mars og april blir det ein del toppturar med ski og brett. Følelsen av å køyre ned igjen frå eit fjell kan ikkje beskrivast. Kom og prøv:)
Opplevinga er avhengig av eit sikkert vegval. Dette lærer du her. Terrengvurdering, skredlære og risikovurdering er sentrale moment som vi skal ta for oss på tur.
Vil du delta på norges brattasta skirenn? Vi kan iallefall vere med å arrangere. Konkurransen X2 går av stabelen rundt april/mai, og elevane på Adventura Ekstremsport er viktige brikker i eit flott arrangement.
Kontakt skulen her.
Søknad om studieplass >>>