animasjon adventura afrika sunnmøre egypt elevstemne kina kart personalet padling sjukehus massasje toving facebook volleyball prosjekter fjellturar keramikk bryllup klatring strikking høgskule vennskap tindesport dans fotball spinning tilet gitar tsjekkia ørsta volda dykking flyplass ålesund sommarhotell english kulturreiser studenthus utleige
 Du er her: Adventura Egypt / Sensommer/ Høst

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

Møre Folkehøgskule
Telefon:70 04 19 99
Vakt tlf:481 18 525
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no

HØSTAKTIVITETAR

Hausten er ei flott årstid både på fjellet, i skogen, ved havet og i klatrefeltet. Om vèret skulle bli for trasig brukar vi gymsalen. Dei flotte fjella vi har rundt oss i Ørsta når vi med enten å gå, eller å bruke sykkel. Næraste nabo til skulen vår er Saudehornet, 1303 m.o.h. Frå toppen nyt vi ei fantatisk utsikt med stupbratte fjellsider rundt oss. Det kan og bli ein fottur i Tafjordfjella, der vi går frå hytte til hytte. Når vi er saman på tur opplevast fellesskapet, venskapet, naturopplevingane og ikkje minst kjensla av meistring direkte på kroppen. 

Folkehøyskole Møre 084

Vi tek oss turar med havkajakkane, eller tek med klatreutstyret til "kyrkjesteinen" eller "øvrefeltet". Klatresiloen i Volda vert og flittig brukt.

Sykling er ein fin aktivitet der vi får masse flotte opplevingar saman, inga forureining men betring av kondisjon.

Vi tar oss ein tur til fredelege Yksnøya. Der senkar vi skuldrane frå mas og kjas og lærer litt om kystfriluftsliv. Du får være med å sette garn, krabbe/hummarteine, fiske, rake krabbe, ro færing, tilberede fisk o.a frå havet og lage dei deiligaste gourmetrettane på bål. Vi bur i militære lagstelt med vedovn. Vi tek med oss våtdraktar og ABC utstyr og nyttar muligheita til snorkling og fridykking i krystallklart vatn. Her er det bere godt å være. Kom og vær med!

Yksnøya - adv sept06 074

SANY0200

Du har no fått ein liten smakebit av ulike aktivitetar om hausten presentert i billedform. Kanskje blir du med på orientering både til fots og på sykkel, kanskje ein tur til Hoddevika for å prøve balansekunsten på surfebrett. Grottevandring i Dollsteinhola er òg noko du kan få sjanse til å oppleve. Ein del aktivitetar i gymsalen, som t.d. ulike ballspel, litt kondisjon - styrke og uthaldenhetstrening, vil nok òg stå på programmet. Vi har òg nokre timar med felleopplegg for heile skulen, og eit stort utval med valfag.   

 

Ved spørsmål om linja kontakt skulen her.

Lærer 2010/ 2011:Christian Howlid

 

 

 

 



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

    Skulekalender
«2010»
«september»
M T O T F L S
30 31 1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 1 2 3

Les meir om våre valfag

Les meir om linja Kina - midtens rike

Les meir om linja Animasjon

Les meir om linja Opplev Afrika

Klikk for å lese mer om Adventura Vatn

Les meir om linja Adventura