Vi har høyrt lite frå Adventura-Afrika dei siste dagane. Dette skuldast dårleg internettkontakt, men vi har god kontakt pr. telefon og sms. Klassa har gode, varme, travle og spennande dagar. Bortsett frå litt mageproblem, er alt veldig bra med alle. Dei vil truleg få internett-tilgang ein av dei første dagane, så då kjem nye innlegg på bloggen!
Torsdag 14. februar sit vi på flyet med kurs for Johannesburg og Sør-Afrika. Følg med på bloggen vår når vi er på tur. Vi skriv nesten dagleg om det vi opplever på tur i Sør-Afrika, Swaziland og Mosambik. Vi legg ut nytt stoff når vi finn stader der internett er tilgjengeleg.
[7. februar 2013]
Nye innlegg på Adventura-Afrika sin klasseblogg.
Adventura - Afrika har eigen blogg der elevane sjølv skriv om aktiviteten på linja. Skulen har m.a. hatt besøk av Nomsa frå Swaziland. Ho er leiar for "Shewula Mountain Camp" der elevane skal bu og bidra ein periode under Afrikaturen.