søknad japan animasjon afrika sør-amerika kina ekstremsport personalet massasje facebook solidaritet friluftsliv snowboard #instagram inka-indianer høgskule tyrkia treningslære gitar machu piccu elvepadling flyplass dykking studenthus klatring teatersport internatliv youtube surfing skianlegg sunnmørsalpane
 Du er her: Startsida / Animasjonsklassa på plass i Kina!

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

Møre Folkehøgskule
Telefon:70 04 19 99
Vakt tlf:481 18 525
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no

Animasjonsklassa på plass i Kina!
Av:: Einar Opsvik  [Sist endra:: 21.03.2012 16:06:48]

Den iskalde trekken frå nordvest og Sibir stod i sterk kontrast til den varmen som animasjonsklassa vart møtt med i Beijing tidleg fredag morgon! Vi møtte ein fantastisk guide på flyplassen som starta dagen med omvisning i ein park i sentrum av Beijing. Himmelens Tempel er sentrum i parken og dette er eit fantasisk byggverk med fasinerande tradisjonar.

Det var her keisaren kom to til tre gongar i året for å be gudane om god avling. Det ser ut til å ha gitt reslutat, for Beijing er inne i ei voldsom utvikling, med stor bygge aktivitet og generell økonomisk vekst, noko som kjem den einskilde bebuar til gode. Førsteinntrykket både av folk, hotell og meny var svært godt! Dette lovar bra for dei komande dagane. Artikkelen fortset nedanfor biletet.

klassebilete utanfor Himmelens tempel

Animasjonsklassa utanfor porten til "Himmelens Tempel"

Å vere på besøk i Kina og Beijing byr og på store kulinariske opplevingar. Maten er svært velsmakande, men annaleis. Dei som fryktar mykje chili og brennande lepper, fryktar utan grunn. Maten er mild på smak og utfordringa består meir i å få den i seg - med pinnar. Det er ikkje så komplisert som ein skulle tru, alle lærer fort. Vi sit rundt bord med 8 - 10 personar og får servert matrettar på rekke og rad, det heile toppa med frukt som dessert. Etter ei kort natt på flyet, vart det ein tidleg kveld første dagen, - vi har eit stramt program med mykje spennande aktivitet. M.a. skal vi besøket animasjonsstudio og utdanningsinstitusjonar. Følg med dei neste dagane, fleire nyheiter kjem!

God stemning rundt bordet. Tiina og Ines er djupt konsentrert om måltidet.





 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon
    Skulekalender
«2013»
«mai»
M T O T F L S
29 30 1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31 1 2

Les meir om linja Opplev Afrika

Les meir om linja Adventura

Les meir om linja Adventura Sør-Amerika

Klikk for å lese meir om Adventura Ekstremsport

Les meir om linja Kina - midtens rike

Les meir om linja Animasjon

Les meir om våre valfag