søknad japan animasjon afrika sør-amerika kina ekstremsport personalet massasje facebook solidaritet friluftsliv snowboard #instagram inka-indianer høgskule tyrkia treningslære gitar machu piccu elvepadling flyplass dykking studenthus klatring teatersport internatliv youtube surfing skianlegg sunnmørsalpane
 Du er her: Startsida / Afrika i Shewula

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

Møre Folkehøgskule
Telefon:70 04 19 99
Vakt tlf:481 18 525
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no

Afrika i Shewula
Av:: Birte Einan  [Sist endra:: 05.03.2012 22:56:37]

Eit av våre store mål med reisa finn vi i Shewula. Her skal vi både finansiere og delta i byggjearbeidet av eit nytt hus til ein familie som sårt treng betre ly. I tillegg skal vi bidra med både kapital og arbeidskraft ellers i lokalmiljøet. At vi i tillegg skulle få være med på ein festival for den viktige marulafrukta og handhelse på sjølvaste kongen av Swaziland visste vi ikkje.. 

Etter eit både lærerikt og hendelsesrikt besøk i Soweto satte vi kursen for Swaziland. Verdens siste eineveldige kongerike. Kanskje mest kjend for den årlige jomfrudansen, der landets gifteklare jenter danser foran kongen og han i ny og ne vel seg ut ei ny kone. Landet er og kjend for høg AIDS prosent og stor fattigdom. Vi kjørte spent over grensa, og gleda oss til å møte vår nye heim. Spent var vi og på straumfrie hytter og den lokale innsekt- og reptilpopulasjonen.. 

 

Heilt ute på tuppen av eit lite fjell fann vi Shewula Mountain Camp, og det er ein stad vi kjem til å hugse. Utsikta er som dykk ser fortreffeleg med oversikt over tre ulike nasjonalparkar rett under oss. Vi bur i tradisjonelle hus, som er meir som hytter å reikne i norsk målestokk, men som absolutt gjer susen. Idyllisk.

Dagen etter var vi i full sving med våre mål for opphaldet. Vi starta med ei vitjing av den lokale barnehagen for å kartlegge behova, og dei va monge. Vi kom midt i dagens måltid som bestod av papp og litt kjøttkraft. Papp er knust mais. Læraren fortalde at måltidet var heilt essensielt for å få borna på skule, og i enkelte tilfeller kanskj
e dagens største måltid for somme. På biletet ved sida av ser du Kristin og Silje i full sving med undervisninga for klassa vi jobba med.

 

På biletet over arbeider vi med å lage interiør til familien vi skal bygge hus til. Eigendelar har dei lite av og bestemora hadde ein draum om å få seg eit bord, noke vi har på bilete er i ferd med å lage. Skapet er stort sett ferdig her. Bileta under viser familiens hus. Bestemora sit foran "huset" der ho lagar mat, so har ho eit tilsvarende krypinn til soving. På det andre biletet ser du huset vi er i ferd med å lage i lag med lokale murarar. Det er sårt etterlengta heving av bustandard.

Etter at arbeidsveka var over fikk vi overraskende nyss i at den årlige Marulafestivalen vart arrangert berre en og en halv time unda Shewula, så vi heiv oss rundt og kjøpte tradisjonelle klesplagg slik vi kunne gli rett inn. Kongen av Swaziland skulle være der, så vi ville sjølvsagt ta oss godt ut. På vei heim frå jobb fredag møtte vi andre frå nærområdet som hadde same mål med helga, men som reiste inn dagen før. Ryggsekk brukte dei derimot ikkje.. I biletet ved sida av har vi og fått på oss finestasen.

So bar det inn til Hlane der festivalen skulle være. Stemninga som møtte oss der inne overgikk alle bygdefester noken av oss hadde sett. Marulafrukten blir feira grunna den allsidige bruken av frukta. Dei laga såpe, olje, syltetøy, handkremar og øl. I ditte høvet. Store mengder. Som om ikkje folkeslaget er lette og ledige i dansebevegelsane frå før. Steminga var eletrisk. Dei kom frå heile kongeriket i ulike drakter etter regionstilknytning. 17 mai med mykje meir hofte og lår! På bileta under ser vi dei ulike regionane dansar i ring i grupper, og vi ser også at det ikkje gikk lenge før Noreg var representert, her ved Mona og Julie.

Etterkvart havna dansen inn på ein stor arena der dei ulike gruppene dansa seg frå monge til ein. Kongen og Kongemora entra deretter scena, og ulike danseritualer vart framført. Med eit meddelte kongens rådgiver at ein delegasjon frå Noreg har teke seg bryet med å flyge 14 timar for å delta på festivalen, og blir herved invitert opp på scna for å handhelse på Hans Majestet. Med store forventningsfulle glis entrer vi scenen foran alle frammøtte og kongelige gjestar og får våre individuelle småord frå Kongen samt eit smil og eit fast grep. For en dag!! Under ser vi Tiril og Kongen :-)


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon
    Skulekalender
«2013»
«mai»
M T O T F L S
29 30 1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31 1 2

Les meir om linja Opplev Afrika

Les meir om linja Adventura

Les meir om linja Adventura Sør-Amerika

Klikk for å lese meir om Adventura Ekstremsport

Les meir om linja Kina - midtens rike

Les meir om linja Animasjon

Les meir om våre valfag