Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Linjene > Animasjon Japan > Om linja
Animasjon Japan

Animasjon Japan: Om linja



Vil du lære korleis klassisk animasjonsfilm blir laga? Vil du ha innsikt i hemmelegheitene bak teiknefilmen sine mysterier, vere ”gud” og skape liv? Då er dette linja for deg!

Du treng ingen forkunnskap for å søke på Animasjon Japan, - bortsett frå motivasjon, lærevilje, kreativitet og fantasi. All opplæring blir gjort frå grunnen av og hovudvekta blir lagt på klassisk animasjon som er grunnleggande. Vi går igjennom og lærer mange animasjonsteknikkar, redigering, storyboard og lydlegging. 

Du får lære om:

  • Teiknefilm
  • Pixillasjon
  • Cut out (klippe-ut)
  • Dukkefilm
  • 2D digital animasjon
  • Eksperimentell animasjon
  • Musikkvideo
  • StopMotion
  • Kamera
  • Manus/storyboard
  • Bildekomposisjon
  • Redigering i Adobe Premiere
  • Lyd og lydopptak

Vi jobber mest individuelt men har noen gruppearbeid / fellesprosjekter og. Det er fri tilgang til arbeidsrom og utstyr og utanom undervisningstida. Grip muligheitene og lag filmar i fritida! Eit år på Animasjon Japan vil gi deg gode forkunnskapar til studium innanfor animasjons­faget, og ein muligeit til å lage ein god portfolje. 

Utstyr og annet:

  • Lysbord
  • Speilreflekskameraer
  • Glassbord med flere nivåa
  • PC-ar
  • Mange animasjonsbøker
  • Teiknesaker
  • Alt nødvendig materiell for å lage animasjonsfilm

Det er veldig greit hvis du har med egen pc og tablet / digitalt tegnebrett.


Studietur til Japan:

Animasjonsklassa skal før påskeferien være to veker i Japan. Vi skal vere godt forberedt og lære om japansk kultur, historie og samfunn før vi reiser. Vi får også eit lite språkkurs.

Japansk animasjon er meir enn manga og animè. Vi skal besøke nokre animasjonskular og får oppleve landet på nært hald.

Det er ikkje nødvendig med vaksine til Japan.

PS. ein må sjølv ordne med transport frå skulen / heimenfrå til Gardermoen før avreise. (vi legg inn nokre fridager før turen). Etter turen må ein ordne heimereise selv og til påskeferie.

Filmfestivaler:

  • Animation Voldablir arrangert kvart år i september i Volda. Dette arrangementet fungerer også som prefestival før animasjonsfestivalen i Fredrikstad, der dei beste filmene fra Volda blir vist.
  • Fredrikstad Animation Festivaler ein fire dagers animasjonsfestival med mange flotte filmar, verdskjende filmskaparar som gjestar (feks fra Disney, Pixar, Aardman, AKA osv.), spennande og lærerike seminarar.
  • Den norske dokumentarfilmfestivalener den eldste dokumentarfilmfestivalen i Norge. Her er det mulig å sjå flotte kort-, dokumentar- og animasjonsfilmar. Festivalen blir arrangert ein gong i april, i Volda.

Klassen arrangerer filmfestival for hele skolen på slutten av skoleåret.

Vi besøker animasjonslinja ved Høgskulen i VoldaHer kan ein ta bachelorgrad i animasjon. Fleire elevar frå Animasjon Japan har gått vidare til studier på Høgskulen i Volda.

Jeg, som linjelærer, forventer av dere motivasjon, lærevilje og kreativitet!


Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Tiina

 

Tiina Mänd Jüring
Linjeleiar

473 77 187
tiina.juring@more.fhs.no