ADVENTURA AFRIKA: OM LINJA Søknad om studieplass
Mosambik
Sør-Afrika
Swaziland
Sjå kor glad Thea og Ingvild er i Sunnmørsalpane!
Adventura Afrika er ei linje som ligg plassert i gongavstand til både fjell og fjord. Vi nyttar oss så ofte som råd er av denne unike moglegheita. Enten det er ein snartur i skogen for å klatre i eit tre, vandring opp i fjella for å få frisk luft og nyte utsikta, eller at vi tar med oss kajakkane ut på Ørstafjorden. Når vi ikkje er i aktivitet, brukar vi dagane til å forberede oss til Afrika. Det gjer vi for å vere mest mogleg førebudd til dei 5 veke som ventar oss frå midt februar!Når vi har aktivitetar i Noreg, har vi gleda av å samarbeide med dei to andre adventura klassane på Møre Folkehøgskule, nemleg Egypt og X.sport!
Ein av barneheimane vi besøk på rundreisa i det sørlege Afrika
I tillegg til å vere ei linje med fokus på bistand både før og under utanlandsopphaldet, skal Adventura Afrika drive variert friluftsliv i naturen på Sunnmøre. Det vert vandringar i høgfjellet, skiturar, padling, klatring og fisking for å nemne noko. Variasjon med open himmel, telt, bustad i snø og hytte til hytte. Vi har ein pedagogisk tilnærming slik at progresjonen og meistringa går i takt med utviklinga av året.Noko av tida på linja går med til å gjere diverse jobbar for å kunne ta med ein stolt sum til det sørlege Afrika. Der får vi sjølv bruke pengar på mat som vi delar ut på barneheimar og matereale som vi bygger hus med. Slik hindrar vi mellomledd og pengane blir brukt hos dei lokale.
Naturen som matkjelde
Glede og meistring
Klar for nye vegval?
Ut i naturen og inn i hyttevarmen! Opp på fjella og ned i dalane!
Linjelærar for kullet 2013/14 er 30 år, friluftslivspedagog, instruktør i surfing, ski og klatring, glad i den gode samtalen og har ei interesse for teatersport. I eit trygt og godt klassemiljø blir undervisninga tilrettelagt for at ein skal få den gode introduksjonen til nye aktivitetar og haldningar, samt å få gode erfaringane med seg i bagasjen vidare.
Ved spørsmål om linja kontakt skulen
Linjeleiar 2013/2014: Tor-Erik Moen
Søknad om studieplass