Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Heim > Om skulen > Møre Folkehøgskule
Om skulen

Møre Folkehøgskule fokuserer på energi, skaparevne, talent og leikelyst



Møre Folkehøgskule i Ørsta er frilynd og har omlag 95 elevar. Skulen har sidan starten tatt imot elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Med perfekt lokalisering midt i Sunnmørsalpane, har vi ein skule som er prega av mykje aktivitet og mange utanlandsreiser.  

Same kva som driv deg eller kva du trur på, ønskjer vi å ta imot deg og gi deg eit år du aldri vil gløyme! Men du må også vere villig til å møte dei andre!

Elevane på Møre Folkehøgskule er svært ulike. Nokre ynskjer å skape verda si med skarpe strekar, både frå og på klassa sin studietur til Japan. Mange elevar kjem hit for å oppleve Kina eller Afrika eller Thailand, og lære om ein heilt anna kultur. Andre vert tiltrekt mot heftig friluftsliv og mestringsglede, både på Sunnmøre og i Tyrkia.

Skulen har tilsette i alle aldrar, med særs god kompetanse på utenlandsreiser. Elevane drar nytte av skulen sitt store kontaktnett utanlands, der vi skreddersyr opplegg for å mange lærerike og gode opplevingar og nye erfaringar. Alle linjene på Møre Folkehøgskule har lengre utenlandsopphold på programmet, der du får oppleve andre kulturar og teste nye grenser.

Det er ulike lengder på turane og dei er knytt tett opp til den kunnskap og informasjon som elevane har arbeidd med å tileigne seg på førehand. Skulens noverande reisemål er Sør-Afrika, Swaziland, Mosambik, Kina, Thailand, Vietnam, Sør-Amerika (Peru), Tyrkia og Japan.

Fleire av linjene er direkte knytta opp mot Sunnmørsalpane, som kanskje er det mest eksotiske fjellområdet i Noreg. Skulen har veldig god kompetanse i bruk av desse fjella og fjordane, noko som kjem alle elevane til gode. I sommarhalvåret nyttar vi naturen til mellom anna klatring, surfing, padling og kiting. Vinterstid fokuserer vi på skiglede, både i skileik, i anlegg og på toppturar.


Skulen er godt utstyrt, med mellom anna avansert animasjonssal, keramikkverkstad, gymsal, treningssenter, klatrevegg, bibliotek, klasserom med digitale hjelpemiddel, klassesett for hav -og elvekajakk, telt, lavvoer, klatreutstyr og skredsikringsutstyr.

Du vil også få møte kulturlivet i Ørsta og Volda, der det blir arrangert mange konsertar med kjende band og artistar.  Vi bruker Ørsta Kulturhus som ein aktiv del av undervisninga. Studenthuset i Volda er kanskje den beste scena mellom Trondheim og Bergen!

Skulen ligg midt i Ørsta sentrum, et steinkast unna gågata og offentlig kommunikasjon.

Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!