SKULE MED INTERNASJONAL PROFIL
Møre Folkehøgskule er frilynd. Skulen har sidan starten tatt imot elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Vi har ein skule som er prega av mykje aktivitet og mange utanlandsreiser.
Det meste av undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har også timar på ettermiddag og kveldstid. På laurdag føremiddag er det seminar og på laurdagskveldar er det kos i peisestova eller elevkveld.
Fellesfag Fellesfaga byggjer på folkehøgskuletradisjonen om allmendanning og det levande ordet. Ein del av undervisninga er slike fellesfag. Desse timane er med å skape eit godt heilskapleg miljø på skulen. Fleire gonga i løpet av skuleåret bryt vi opp undervisninga og arrangerer prosjektveker. Minst ei av desse vekene er ei korveke med innleigd profesjonell instruktør. Andre veker set vi fokus på aktuelle tema eller har rollespel med skulen som spelebrett og elevane som brikker. Laurdagar går med til fellesundervisning eller aktivitetar og fellesturar. Morgonsamling har vi kvar dag. Dette er ein sentral arena for informasjon. I tillegg har vi ord for dagen, ein song, ein filmsnutt eller ein presenterer ei personleg oppleving som ein vil dele med andre.
Valfag
Dette er eit utval av valfag vi har hatt dei siste åra: Kickboksing, keramikk, kinesisk knutekunst, gitar, klatring, mote & design, digitalfoto, telemark, snowboard, toving, utstyrssying, filmhistorie, klubb for funksjonshemma, personleg trening, dans, massasje, teikneserie, animasjonsfilm, aktuelle nyheiter, svømming, volleyball og mykje meir. Les mer her.

Sosialt liv På elevkveldane går lærarar og elevar saman om å lage program og underhaldning, der målet er mykje moro med stil og kvalitet. Haustsemesteret vert avslutta med eit storslått juleball, med festmiddag og skikkeleg finstas. Vi tilbyr eit røykfritt innemiljø i eit velhalde internat, der du bur på tomannsrom. På internatet er du medlem av ein stor familie. Døgnet rundt er det nokon som tek vare på deg og nokon å krangle, le, danse, reise på tur, diskutere og gle deg saman med.
Studieturar. Kvart skuleår reiser vi på studietur til utlandet. Turane er ei inspirasjonskjelde og gir nye perspektiv på folk og kultur. Kostnadane til turen er inkludert i skulepengane. Dei ulike klassene har turar til ulike land. Det er også ulike lengder på turane og dei er knytt tett opp til den kunnskap og informasjon som elevane har arbeidd med å tileigne ser på førehand. Dei siste åra har linjene hatt turar til Sør-Afrika, Mosambik, Kina, Egypt, Tsjekkia og Estland.
Historie Denne sida skal gje deg meir inngåande informasjon om skulen vår, Møre Folkehøgskule. For å få ein innblikk i Møre Folkehøgskule sine tradisjonar, gjev vi deg her eit kort resymè av kva skulen har vore, og kva den er dag.
Historisk tilbakesyn Møre Folkehøgskule vart skipa i 1899, og skulen er på alle måtar tufta i Bruun-tradisjonen, i den norske folkehøgskuletradisjonen som vaks ut frå modellen som Christopher Bruun skapte på Vonheim og den ideen som han bar fram i "Folkelige Grundtanker". Det var tre av dei fremste i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag som gjorde den direkte opptakta til Møre Folkehøgskule.
Per Riste, lærar i Volda, Anders Vassbotn og Jon Aasen, bonde og brorson til Ivar Aasen, hadde lenge drøymt om å få ein folkehøgskule til Søre Sunnmøre, og dei hadde tru om at ein slik skule ville gje vidare åndeleg og kulturell vokster for folket i sunnmørsbygdene.
Møre Folkehøgskule i dag
Møre Folkehøgskule har utvikla seg i pakt med dei andre frilynde folkehøgskulane, men det har gjennom heile historia til skulen vore lagt vekt på dei grunnleggjande folkehøgskulefaga; Historie, litteratur, norsk og song.
Eit anna viktig folkehøgskulefag, kristendom, har vore ute av timeplanen dei siste åra. Møre Folkehøgskule har prøvt å halde i hevd timar med det folkelege foredraget, men det har ikkje vore krav til innhald/periode for dei typiske foredragsfaga litteratur og historie.
Linene tilbake til Ivar Aasen er klare, og elevane ved Møre Folkehøgskule har enno særvilkår på Ivar Aasen-museet. Det er ingen grunn til at skulen skal ha ein lågare profil i høve nynorsken i dag enn kva tilfellet var før. Møre Folkehøgskule har heile tida arbeidd for å få så gode styringsformer og ein så god organisasjon som råd. Ut frå drøftingar med Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, som var eigar av skulen frå 1908, vart eigartilhøva endra i 1992.
Stiftinga Møre Folkehøgskule står no som eigar av skulen, men det er framleis slik at det er årsmøtet til Sunnmøre frilynde ungdomssamlag som peikar ut medlemmene i representantskapet bortsett frå ein medlem som vert oppnemd av Ørsta kommune. Det er viktig at folkehøgskulen er dynamisk og kan gjere endringar i opplegg og innhald. På same tid må vi vere klar over at vi driv ein folkehøgskule ut frå ideologi, og ut frå ei historie og ut frå ein tradisjon i eit lokalmiljø med si historie, tradisjonar, kvalitetar og tilbod.
Etter ei kvar endring, må vi alltid kunne seie å ha ein fri og tradisjonell folkehøgskule, og då kan vi seie det slik som Einar Arne sa det i 30-års skriftet til Møre Folkehøgskule: "Difor er det ingen gamal og ny folkehøgskule. Det er berre folkehøgskule."
Kontakt oss >>>
Søknad om studieplass >>> |