søknad japan animasjon afrika sør-amerika kina ekstremsport personalet massasje facebook solidaritet friluftsliv snowboard #instagram inka-indianer høgskule tyrkia treningslære gitar machu piccu elvepadling flyplass dykking studenthus klatring teatersport internatliv youtube surfing skianlegg sunnmørsalpane
 Du er her: Om skulen / Møre Folkehøgskole

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

Møre Folkehøgskule
Telefon:70 04 19 99
Vakt tlf:481 18 525
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no

UTVIKLING OG VEKST MED INTERNASJONAL PROFIL

Møre Folkehøgskule er frilynd, og har rundt 100 elevar. Skulen har sidan starten tatt imot elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Med perfekt lokalisering midt i saftigaste Sunnmørsalpane, har vi ein skule som er prega av mykje aktivitet og mange utanlandsreiser.  




Same kva som driv deg eller kva du trur på, ønskjer vi å ta imot deg og gi deg eit år du aldri vil gløyme! Men du må også vere villig til å møte dei andre!

Elevmassa på Møre Folkehøgskule er svært variert. Nokre ynskjer å skape verda si med skarpe strekar, både frå Animasjonsklasserommet og på deiras studietur til Japan. Mange elevar kjem hit for å oppleve Kina eller Afrika, og lære om ein heilt anna kultur. Andre vert tiltrekt mot heftig friluftsliv og mestringsglede, både på Sunnmøre, i Tyrkia og i Egypt.

Skulen har tilsette i alle aldrar, med særs god kompetanse på utenlandsreiser. Elevane drar nytte av skulen sitt store kontaktnett utanlands, der vi skreddersyr opplegg for å gi mest mogleg opplevingar og nye erfaringar. Alle linjene på Møre Folkehøgskule har lengre utenlandsopphold på programmet, kor du får oppleve andre kulturar og teste nye grenser. Det er ulike lengder på turane og dei er knytt tett opp til den kunnskap og informasjon som elevane har arbeidd med å tileigne seg på førehand. Skulens noverande reisemål er Sør-Afrika, Swaziland, Mosambik, Kina, Sør-Amerika, Tyrkia, Japan og Egypt.

Det meste av undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har også timar på ettermiddag og kveldstid. Timeplanen er variert, med morgonsamling, linjefag, valfag, fellesfag, laurdagsseminar og elevkveldar. På turar er vi oppe tidleg og seint, både på Sunnmøre og i utlandet. Stikkordet for all undervisning er personleg utvikling, enten vi er i klasserommet, eller ute i naturen.

Fleire av linjene er direkte knytta opp mot Sunnmørsalpane, som kanskje er det mest eksotiske fjellområdet i Noreg. Skulen har veldig god kompetanse i bruk av desse fjella og fjordane, noko som kjem alle elevane til gode. I sommerhalvåret nyttar vi naturen til mellom anna klatring, surfing, padling og kiting. Vinterstid fokuserer vi på skiglede, både i skileik, i anlegg og på toppturar.

Skulen er godt utstyrt, med mellom anna avansert animasjonssal, keramikkverkstad, gymsal, treningssenter, klatrevegg, bibliotek, klasserom med digitale hjelpemiddel, klassesett for hav -og elvekajakk, telt, lavvoer og klatreutstyr.

Du vil også få møte kulturlivet i Ørsta og Volda, der det blir arrangert mange konsertar med kjende band og artistar.  Vi bruker Ørsta Kulturhus som ein aktiv del av undervisninga. Studenthuset i Volda har faktisk den beste scenen mellom Trondheim og Bergen!

Skulen ligg midt i Ørsta sentrum, et steinkast unna gågata og offentlig kommunikasjon.

 


Kontakt oss >>>

Søknad om studieplass >>>



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

    Skulekalender
«2013»
«juni»
M T O T F L S
27 28 29 30 31 1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30

Les meir om linja Opplev Afrika

Les meir om linja Adventura

Les meir om linja Adventura Sør-Amerika

Klikk for å lese meir om Adventura Ekstremsport

Les meir om linja Kina - midtens rike

Les meir om linja Animasjon

Les meir om våre valfag