animasjon adventura afrika sunnmøre egypt elevstemne kina kart personalet padling sjukehus massasje toving facebook volleyball prosjekter fjellturar keramikk bryllup klatring strikking høgskule vennskap tindesport dans fotball spinning tilet gitar tsjekkia ørsta volda dykking flyplass ålesund sommarhotell english kulturreiser studenthus utleige
 Du er her: Valfag / Valfag

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

Møre Folkehøgskule
Telefon:70 04 19 99
Vakt tlf:481 18 525
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no

VALFAG - LÆRE NOKO NYTT - FINNE NYE UTFORDRINGAR

Dei siste åra har vi hatt ein timeplan med forholdsvis mange valfag. Vi ynskjer å tilby eit breitt spekter av fag, slik at alle kan lære noko nytt, og finne nye utfordringar.

Oversikten du finn her beskriv ein del av faga som vi har hatt siste åra. Dette er ikkje identisk med der som blir lagt tilrette for komande skuleår, men det meste vil du finne igjen når du kjem.

ESTETISKE VALFAG:

Toving1

Toving

På formingsavdelinga vil Signe vere elevane sin guide inn i ei varm og fargerik verd. Du kan få lære å lage vottar, sitteunderlag, tøfler, hattar, sjal, og mykje anna.

Her er det berre fantasien som set grenser. Material som blir nytta er merinoull, norsk lammeull og grønsåpe.


TV sending

TV/Film

For TV og film interesserte har vi fullt utstyrt TV-studio der ein kan utfalde seg med gode idear og boltre seg med profft utstyr.

Vi siktar på å lage filmar, reportasjer og innslag til interne TV-sendingar.


Keramikk

Knut og Signe er skulen sine keramikarar. I keramikk valfag får du lære ulike teknikkar og arbeide med ulike typar leire. Vi har eigen heilt ny ovn for brenning og glasering, og sjølvsagt dreieskiver for å lage krukker etc. Opp igjennom åra har kreativiteten hatt gode kår i dette valfaget, og det har blitt laga mykje fint, både koppar, kar og skulpturar.


Kinesisk knutekunst

Har du opplevd å ha altfor mange lause trådar? Kinesisk knutekunst er ei kunsthandtverksfag som har lange tradisjonar i Kina. Sumin som er vår kina-lærar, startar i det små og legg til stadig nye trådar og knutar for å lære deg å skape fasinerande figurar og dekorasjonar av fargerike kinesiske trådar.


Strikking / hekling

Når utgangpunktet er ein lang tråd, er det fasinerande å sjå kva dette kan bli til med nokre meir el. mindre enkle handgrep.

Nivået blir lagt opp utifrå kva den einskilde kan i utgangpunktet.


Teiknefilm

Animasjonhuset har alt som trengs for å lage teiknefilm. Du får lære om klassisk teiknefilmteknikk, og du får vere med å lage film, aleine eller i samarbeid med dei andre på valfaget. Tiina som elles har ansvaret for animasjons-klassa leier valfag teiknefilm.


Dans

Vi ynskjer å ha eit tilbod i dans som passar både til dei som har halde på ei stund og dei som har lyst til å freiste noko nytt.

Innhaldet i valfaget blir delvis lagt opp etter ynskje frå elevane.


Klubb for funksjonshemma - KLUBBEN

KLUBBEN har lange og gode tradisjonar på Møre Folkehøgskule. 8 - 9 onsdagar gjennom året inviterer vi menneske med ulike funksjonshemningar til fest og moro i peisestova på skulen. Det blir laga litt program og servert mat.

Oppslutninga om desse arrangmenta er overveldande og det er alltid stor stemning og dans utover kvelden.


Aktuelle nyheiter

I mengda av nyhende som vi blir bombardert med i store mengder kvar dag, freistar vi i desse timane å gå litt bakom det som media slår stort opp. Vi set fokus både på dei aktuelle sakene og dei sakene som kjem i bakgrunnen. Med meir bakgrunnsmateriale og kunnskapar som utgangspunkt blir det lagt opp til diskusjon og meinings-utveksling.


Musikklytting

Alle høyrer på musikk kvar dag! I musikklytting tar vi utgangspunkt i din og min musikk og lærer meir om den for å få eit meir medvite forhold til det som blir formidla. Vi søkjer den gode musikkopplevinga og freistar å lære noko om musikken. Vi ser på ulike genrer, på tekstar og teknikkar, og kanskje sette det heile inn i ein samfunnsmessig samanheng.


Band - samspel

Samspel utfordrar evnen til å samarbeide og kunne skape noko i fellesskap. For å planlegge band eller samspels-gruppe er vi avhengig av deg som er elev og som kan spele eit instrument. Dette blir utgangspunktet for å plukke ut låtar vi vil spele og kva gruppe vi kan sette saman. Skulen har slagverk og PA-anlegg, og nokre instrument.


Friluftsliv med fotofokus

Friluftslivsfag i lett-utgåve. Ørsta byd på store muligheiter for turar i nærmiljøet. Vi går frå skulen eller brukar ein av bussane våre for å oppsøke naturen og ta gode bilete.


Teikneserie

Teikneserier er eit medium for mykje god humor, og det opnar for å få sagt det ein meiner på ein illustrerande måte. Du får lære om ulike teknikkar, om snakkebobler, lydmalande ord og effektar.


Gitar

Gitar for ferskingar

Har du ein hemmeleg draum om å bli rockestjerne? Ein stad må du starte. Gitar valfag er retta inn mot deg som ikkje har spela gitar før, og kanskje ikkje noko anna instrument heller.

Med utgangpunkt i enkle songar, får du lære akkordar og fingerspel og om å lese og spele etter tabulatur. Skulen har nokre gitarar som vi kan låne ut, men det er fint om du har med gitar sjølv.


Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

    Skulekalender
«2010»
«september»
M T O T F L S
30 31 1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 1 2 3

Les meir om våre valfag

Les meir om linja Kina - midtens rike

Les meir om linja Animasjon

Les meir om linja Opplev Afrika

Klikk for å lese mer om Adventura Vatn

Les meir om linja Adventura