Klikk her for utskriftsvennlig versjon
Adventura Ekstremsport

Adventura Ekstremsport: Om linja



Adventura Ekstremsport er linja for deg som vil noko meir. Med Sunnmøre og Tyrkia som undervisningsarena, flyttar vi grensene dine, og lærer deg og medelevane dine betre å kjenne. Vi stiller ingen krav til forkunnskap i dette opplegget vi her presenterer. Det vi derimot krev av deg, er at du er motivert til å prøve noko nytt, og er villig til å bevege deg ut i det ukjende. Klikk her for å sende søknad.

Dette er linja for deg som:

  • Ynskjer å utfordre deg sjølv
  • Vil "det lille ekstra"
  • Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend
  • Ynskjer å lære eit stort mangfald av ulike ekstremsportaktivitetar
  • Ynskjer å kome i bedre form
  • Ynskjer å utvide det sosiale nettverket

På linja lærer du:

  • Å knytte alle aktivitetane opp mot basis friluftsliv
  • Du lære om dei ulike subkulturar og miljø i aktivitetane vi utøve
  • Klatreteknikk inne og ute, på topptau og led. De får også brattkortkurs
  • Surfing. To turar til Hoddevik for teknikk og sikkerhet på surfebrettet
  • Elvepadling teknikk og sikkerhet i basseng og elvene på sunnmøre
  • Topptur på snø i Sunnmørsalpane. Trygge vegval, skredlære i teori og praksis
  • Frikøyringsteknikk på ski
  • Vindsurfing
  • Stisykling teknikk og linjevalg - sjå video
  • Dykking ned til 18 meter. PADI open water kurs - sjå video
  • Ulike typar stup frå sviktbrett og plattform 1, 3 og 5 meter
  • Førstehjelp / livredning
  • Kreativ filming med "Actionkamera" og enkel videoredigering i Adobe Premiere

Du vil mellom anna oppleve:

  • Nye sider ved deg sjølv
  • Å få nye venner
  • Teltturar og hytteturar
  • Ei fantastisk reise gjennom Tyrkia (4 veker)
  • Tandem fallskjermhopp eller paragliding
  • Deep water solo, klatring utan tau frå båt med Middelhavet som fallsone
  • Kappadokia, verdas beste arena for stisykling - sjå video
  • Kvasse alpar og urørt puddersnø på toppturar i Sunnmørsalpane
  • Heisbasert ski/snowboardkøyring på Strandafjellet - sjå video
  • Bølger og kvite sandstrender i Hoddevika
  • Ein skule tilrettelagt for ei aktiv fritid
  • Knall og fall - glede og meistring
  • Å vere aktivitetsleiar på Spenningskurset - les meir
  • Ekstremsportfestivalen "X2" - les meir
  • Ein lærar med spisskompetanse som vil motivere deg og pushe deg

Tek du utfordringa? Bruk eit år på personleg utvikling saman med likesinna frå heile landet.



Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Tor-Erik Moen

Tor-Erik Moen
Linjeleiar

958 57 714
tor.erik@more.fhs.no